Spørsmålet om helseplagene til tannhelsesekretærar skuldast kvikksølveksponering blei
.I går kom dommen frå lagmannsretten, som i sin dom slår fast at ein tannhelsesekretær som har vore utsett for kvikksølveksponering har fått yrkesskade.
Saka som var oppe i lagmannsretten handla om helseplagene
fekk etter å ha jobba som tannhelsesekretær. Det var Fagforbundet som førte saka på vegne av Serigstad.– Viktig dom for alle i typiske kvinneyrker
Dommen frå Gulating lagmannsrett er ein viktig siger mot Staten og NAV, skriv Fagforbundet i ei pressemelding.
– Dette er den første saka, ført for dei vanlege domstolane, der me har fått gjennomslag for at arbeidet som tannhelsesekretær har vore helseskadeleg. Dette er ein viktig dom for Fagforbundet og tannhelsesekretærane, og for andre som jobbar i typiske kvinneyrker i Noreg, seier forbundsleiar Jan Davidsen.
Bertha Regine Serigstad si sak var i 2010 oppe i trygderetten, og september dette året blei dom avsagt i trygderetten, men ho fekk ikkje medhald.
Legg fleire vitneerklæringar til grunn
I dommen frå Gulating lagmannsrett blir det slått fast at arbeidet som tannhelsesekretær i perioden der det blei brukt mykje kvikksølv, har medført helseskadeleg arbeidsmiljø der nokon er blitt skadde.
– Lagmannsretten har lagt til grunn vitneforklaringane til store delar av det norske arbeidsmedisinske miljøet, og støttar opp om at langvarig kvikksølveksponering kan gi varig helseskade. Det seier advokat Anne-Gry Rønning-Aaby, som har ført saka for Fagforbundet, til NRK.
og fått medhald i at helseplagene deira skuldast kvikksølveksponering. Staten ville kort tid etter at ei ny sak skulle behandlast i trygderetten, ei sak som då skulle vera prinsippkjenning for slike saker.
– Der blei det sagt at for å få medhald i at helseplager skuldast kvikksølv skulle eit sett med kriterier vera oppfylte. Dette seier lagmannsretten at ikkje er nødvendig, seier Rønning-Aaby.
LES OGSÅ:
Sjå video frå då NRK møtte Bertha Regine Serigstad i desember 2012:
Håpar staten ikkje vil anka
Anne-Gry Rønning-Aaby veit ikkje om staten vil anka saka vidare til Høgsterett.
– Viss staten ikkje ankar og lagmannsretten sin dom blir ståande kan ikkje prinsippkjenninga frå trygderetten lenger leggast til grunn ved behandling av slike saker, seier advokaten til Fagforbundet.
Fagforbundet har hatt rundt 160 saker der tidlegare tannhelsesekretærar søker erstatning for alvorlege helseplager.
– Me vil vidare følgja opp saka og dei andre sakene i lys av lagmannsretten. Me håpar staten legg dommen til grunn og at me får ei ny vurdering av alle saker.
– Dette er ein siger for kvinner. Dommen er viktig for tannhelsesekretærar, men også viktig for kvinner med yrkesskade, seier Anne-Gry Rønning-Aaby.