Hopp til innhold

Innbrot i gullsmedbutikk i Åsane

Knust glas og skadeverk møtte politiet som kom til gullsmedbutikken i Åsane senter. Det er uklart kor mykje tjuvane fekk med seg.

Knust glas og skadeverk møtte politiet som kom til gullsmedbutikken i Åsane senter. Uklart kor mykje tjuvane fekk med seg.

VIDEO: Ein stor hammar ligg igjen etter tjuvane som braut seg inn hos ein gullsmed i Åsane i natt (Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret/NRK).

Innbrot i gullsmedbutikk i Åsane senter

INGEN Å SJÅ: Sjølv om politiet var på plass berre fem minutt etter at alarmen gjekk, var innbrotstjuvane borte.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Politiet fekk klokka 4.42 onsdag natt melding om at alarmen gjekk ved ein gullsmedforretninga Aseco i Åsane senter.

Då politiet kom fram fem minutt seinare var gjerningspersonane borte.

– Det er gjerningsmenn som har komme seg inn på senteret og knust eit utstillingsvindauge, seier operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Ole Jakob Malmø.

Slegge på golvet

Då NRK kom til staden på morgonkvisten onsdag låg knust glas og ei lita slegge på golvet i butikken.

Politiet har sperra av eit stort område inne i handlesenteret. Gjerningspersonane har knust seg inn i butikken gjennom eit utstillingsvindauge.

Tjuvane har truleg komme seg inn i handlesenteret via ei dør mot bustadområde på baksida av senteret.

Les òg: Millionverdiar borte etter gullsmedran

Innbrot i gullsmedforretning i Åsane

KOM SEG UNNA: Stort skadeverk etter at innbrotstjuvar brut seg inn i denne gullsmedbutikken i Åsane senter.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Uklart kor mykje som er borte

Politiet har førebels ikkje oversikt over kor mykje innbrotstjuvane fekk med seg frå gullsmedbutikken.

– Men det kan sjå ut som om tjuvane ha fått med seg ein del, seier operasjonsleiaren.

Krimteknikarar frå politiet saumfarar no butikklokalet etter spor etter ein eller fleire gjerningspersonar.

Andre gullsmedtjuveriet på to dagar

Tysdag fekk tjuvar med seg millionverdiar frå ein gullsmedbutikk i Ørsta i Møre og Romsdal.

Politiet reknar med at organiserte internasjonale kriminelle står bak innbrotet i Ørsta.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.