Hopp til innhold

232 tilsette mistar jobben

Familien Knudsen ber om å bli slått konkurs etter over femti år i Bergen. – Utviklinga går raskt, vi har ikkje greidd å omstille oss, seier dagleg leiar Ole Bjørn Knudsen.

FotoKnudsen stenger butikkane

STENGT: Gitteret er nede hos FotoKnudsen på Torgallmenningen i Bergen i dag.

Foto: Kjetil Rydland

Bedrifta gjekk med eit underskot på minst 11 millionar kroner i fjor. Når alle rekningar er tatt med og alle kroner talde, er det truleg verre.

– Vi har brukt mykje tid på forhandlingar med bankar og kreditorar for å forsøke å refinansiere bedrifta. Alle mulegheiter var utprøvd torsdag ettermiddag, seier Ole Bjørn Knudsen.

FotoKnudsen konkurs

BEKLAGER: Dette brevet er det som møter kundar på veg til FotoKnudsen sine butikkar i dag. 'Styret i Fyllingsdalen Foto AS (tidligere FotoKnudsen AS) har besluttet å begjære oppbud (be om konkurs). Vi beklager de ulemper dette medfører»

Foto: Kjetil Rydland

Måndag har bedrifta begjært seg konkurs. Familien Knudsen eig framleis alle aksjane i familiebedrifta, som vart etablert i 1958. No har dei 232 tilsette i den bergensbaserte bedrifta fått beskjed om at bedrifta er konkurs.

– Dette er veldig trist. Både for familien og for dei tilsette, klart det. Det er ein femti år lang tradisjon som plutseleg får eit brot. Men vi hadde ikkje anna val.

Ikkje greidd å tilpasse seg

Glansperioden for fotobransjen var, ifølgje Knudsen, rundt år 2000. Men folk framkallar ikkje bileta lenger, i alle fall ikkje slik som før. Ikkje etter at digitale fotokamera vart allemannseige og sosiale medium fungerte som fotoalbum.

Slik var FotoKnudsen i 2006

– Vårt laboratorium var det siste av femten som har lagt opp i Norden og Skandinavia. Alle har jo sett den digitale omstillinga kome, men det har vore vanskeleg å endre seg hurtig nok. Vi har i alle fall ikkje greidd å endre oss raskt nok, seier Knudsen.

FotoKnudsen har 24 butikkar i Norge. Måndag heng det skilt om stenging utanfor butikkane i Bergen.

FotoKnudsen illustrasjon

FotoKnudsen har dei siste åra satsa på nye nettbaserte tenester.

Foto: Arild Grindheim / NRK

Tilsette: – Dei første har allereie gått

– Det er veldig trist, eg veit ikkje heilt kva eg skal seie ..., er første reaksjonen frå Britt Nygård, klubbleiar i Fellesforbundet hos FotoKnudsen.

– Vi fekk endeleg beskjed i dag. No har vi gått rundt og prata med kvarandre, hatt litt møter om det som skjer. Dei første har allereie forlate produksjonslokala.

Innan tysdag morgon står truleg lokala tomme. Familien Knudsen har begjært konkurs, men endeleg avgjort er det ikkje før rettsleg dom. Likevel er det lite å vente på ifølgje Nygård.

– Produksjonen er stoppa, det er ingenting å gjere no. Det er ufatteleg trist. Fleire her har arbeidd her i tretti til førti år. Det blir verkeleg ein milepæl for meg når eg går ut døra i dag og ikkje skal tilbake, seier Nygård.

Håpa i det lengste

Dei tilsette fekk ikkje utbetalt lønn i januar, det første store varselet på at selskapet ikkje fann ei enkel løysing. Likevel var det ikkje bitterheit blant dei tilsette.

– Stemninga var lenge god, for vi trudde at det skulle ordne seg. Det blir ikkje enkelt å finne nytt arbeidd. Vi er jo alle gode i jobbane våre, men det er ingen som tilsett slike som oss lenger. Det finst ikkje fotolaboratorium igjen i heile Norge, seier Nygård.

Dei tilsette vil no få utbetalt lønna dei er skuldig, men då gjennom lønnsgarantifondet.

Familien tapte 50 millionar

Familien eig alle aksjane, og sidan tusenårsskiftet har dei gjort fleire forsøk på å spytte inn ny kapital. Også familiemedlemma som ikkje er direkte involvert i drifta. Knudsen reknar med at familien har tapt over femti millionar kroner.

– Det har berre ikkje gått. Det har ikkje vore mogleg å overtyde investorar om at vi skulle greie å snu dette.

– Jobber med ei løysing

Bedrifta har satsa mykje på å utvikle nettbaserte løysingar den seinare tida, og kundar har lasta opp bilete både for framkalling og for oppbevaring.

– Det vil eg seie til kundane, at vi håpar vi skal finne ei god løysing som tar vare på bileta deira, seier Knudsen.

– No gjenstår berre å gjere ein så ryddig prosess av dette som mogleg.

Tabbe førte til deling av bilder

Dersom selskapet blir slått konkurs, er det opp til bustyrar å forvalte verdiane i selskapet vidare.