Hopp til innhold

Rekordmange besøkande på turisthytter

Fleire turisthytter opplever denne påska rekordhøge besøkstal.

Fantastiske vêrmeldingar og flotte skiforhold gjer at mange vil til fjells i påska. Fleire av hyttene til Den Norske Turistforening (DNT) opplever besøksrekord denne påska.

– Etter to snøfattige påsker er det norske folk utsulta på den gode gamle påskeferien med solbrilleskilje og endelause fjellvidder. På våre betjente hytter har me opplevd ein auke på 35 prosent til no frå i fjor, og fleire av hyttene opplever ein «all time high», seier kommunikasjonsrådgjevar Ida Amelie Helgesen i DNT.

Nesten 3000 har besøkt ei turisthytte palmehelga denne påska, meir nøyaktig er det 2914 personar. I fjor var besøkstalet for palmehelga 2160.

Sandhaug på Hardangervidda, Skogadalsbøen i Jotunheimen, og Lungdalshytta og Finsehytta i Skarveheimen har aldri hatt fleire besøkjande i løpet av palmehelga enn det dei opplever i år.

LES OGSÅ:

På Sandhaug er det 180 besøkjande denne palmehelga, noko som er dobbelt så mange som i fjor. Finsehytta har hatt 412 overnattingar til no, noko som er den beste påska nokon gong.

På Finse turisthytte overnatta 216 gjester ei natt, sjølv om det berre er 162 senger.

– Det er tydeleg at folk vil til fjells, me har opplevd eit kjempetrøkk på telefonen dei siste dagane. Finse er eit lett utgangspunkt, sidan toget går rett forbi, seier Rigmor Sæbø, vertskap på Finsehytta.

Sjølv om det er stor pågang er det framleis ledig på nokre hytter.

– Særleg i Rondane er det spesielt gode forhold og framleis ledige rom, seier Ida Amelie Helgesen.

DNT-hyttene som har mest besøk påska 2013:

Besøkstal for DNT-hytter i påska:

2013

2012

Finsehytta

412

358

Haukelisæter

288

334

Krækkja

237

174

Sandhaug

180

86

Rondvassbu

135

88

Fondsbu

128

167

Gjendesheim

126

58

Lungdalshytta

124

53

Glitterheim

122

57

Rauhelleren

116

92

Ekspander/minimer faktaboks