Hopp til innhold

Gledestårer for Sotrasambandet

– Ein merkedag! Ein rørt Fjell-ordførar måtte felle ei tåre då det blei klart at Sotra-sambandet er i boks.

Jubel på Sotra

TÅRER, CHAMPAGNE OG KAKE: Fjell-ordførar Eli Berland (H) og Øygarden-ordførar Otto Harkestag (Ap) kunne jubla for at Sotrasambandet vert realisert.

Foto: Vidar Gudvangen / Vigleik Brekke / NRK / Fjell kommune

Jubel på Sotra etter framlegging av Nasjonal Transportplan

KAKEFEST: Eli Berland (H) og Otto Harkestad (Ap) kunne spretta kaka fredag. Ordførarane feira at Sotrasambandet vert realisert.

Foto: Kjell Andersland

– Eg er mållaus. Dette er berre heilt fantastisk!

Slik reagerte ein storfornøgd Fjell-ordførar Eli Berland fredag føremiddag, då Nasjonal Transportplan vart lagt fram av regjeringa. Der kom det fram at det er lagt av 2 milliardar kroner til Sotra-sambandet - alt i perioden 2014 - 2017.

Dermed trur Berland at Sotra-folket alt i 2020 kan få ei splitter ny bru å køyre over, noko som vil bety kortare køare for ein av dei trongaste flaskehalsane i distriktet.

– Dette er ein merkedag, ikkje berre for Fjell kommune, men for heile regionen. Ikkje minst for næringslivet vårt er dette noko vi har jobba for og kjent behovet for i årevis.

Køer til Sotra

Lange køar over Sotrabrua kan bli eit sjeldnare syn i framtida.

Fem milliardar gjennom bompengar

– Eg hadde faktisk ikkje tenkt på tal, vårt fokus har heile tida vore på at Sotrasambandet skulle inn i første del av NTP. Men at vi får såpass er sjølvsagt veldig kjekt, seier Eli Berland.

Prisen på prosjektet har nemleg auka, og er i dag sett til sju milliardar kroner. Dermed skal fem milliardar av den totale prislappen finansierast gjennom bompengar - noko ordføraren tar med eit smil.

Les også: 3,4 milliardar til Os-bergen | Dette betyr NTP for Hordaland | Mindre bygging i rykk-og-napp |

Dette får vi til, det skal vi klara, det er eg ikkje i tvil om, avsluttar ho. Og på spørsmål om kva tid Sotrabuar kan ta i bruk ny bru, er svaret skråsikkert: I 2020.

Sotrasambandet

Slik vil det nye Sotrasambandet sjå ut.

Foto: Statens vegvesen