Hopp til innhold

Stengjer bomstasjonen etter tolv år

I tolv år har Gunn Hemmingsen kravd inn pengar ved Trekantsambandet i Sunnhordland. I dag er sambandet ferdig nedbetalt.

Gunn Hemmingsen

STENGJER LUKA: Etter tolv år i bommen, stengjer Gunn Hemmingsen luka for godt i morgon.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det kjennast litt vemodig, for vi har hatt nokre flotte år her ute, seier Gunn Hemmingsen.

65 kroner billegare

I dag vert vegen mellom Stavanger og Bergen 65 kroner billegare når strekninga får éin bompassering mindre.

Hemmingsen har tatt imot betaling i bomstasjonen ved Trekantsambandet heilt sidan sambandet opna for tolv år sidan. Men ikkje alle minner er gode.

Ho har fleire gongar opplevd å bli skjelt ut.

– Ja, sjølvsagt har vi det. Vi er jo grufulle som tar pengar frå folk, ler ho.

– Trudde siste time var komen

I byrjinga kunne fleire av bruene svinge kraftig.

Nokre tykte at det var kjekt å sjå at brua rørte på seg, medan andre valde å bli heime dersom brua var i bevegelse.

– Det var nokre som grein når dei kom, for dei var så redde. Dei trudde sin siste time var komen. Heile bruene sto jo og vrei seg, og gjekk i berg- og dalbane. Men så fekk dei spoilarane på, som gjorde at det slutta. Nokre vart også skuffa for det, for då hadde dei ikkje den attraksjonen lenger, seier Hemmingsen.

Trekantsambandet i Hordaland

BIND SAMAN: Bømlabrua nærmast og Stordabrua utgjer viktige element i Trekantsambandet.

Foto: Sunde, Helge / Samfoto

Innfridde forventingar

– Vi hadde store forventingar, og dei er innfridd. Det har skjedd ei stor utvikling i næringslivet i Sunnhordland på desse tolv åra, seier Gro Jensen Gjerde.

Ho er dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, og meiner at Trekantsambandet har ført til ein tettare arbeidsmarknad.

Trekantsambandet opna av Harald R

OPNA AV KONGEN: I 2001 vart sambandet opna av kong Harald V.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

I tillegg har kommunane vorte knytt tettare saman med tanke på kultur.

– Meir attraktivt

– Stord og Bømlo har blitt meir attraktivt, fordi dei er utgangspunkt for eit utvida arbeidsmarknadsområde. Om ein bur i det området, har ein større valfridom i arbeidsmarknaden, seier professor i regionaløkonomi, Inge Thorsen.

Han har forska på Trekantsambandet i fleire år. Han ser at bruene og tunnelen har betydd mykje, spesielt for Stord og Bømlo. Det har kome fleire innbyggjarar, og fleire pendlarar.

– Eg trur mange stordabuar har oppdaga Bømlo som ein arbeidsmarknad, seier han.

Verksemda Wärtsila Norge har kontor både på Bømlo og Stord. Dei kan takke Trekantsambandet for mykje, seier finansdirektør Øyvind Harald Eskeland.

– I periodar har vi sett stor vekst i bedrifta, og den veksten hadde vi aldri fått til på den måten utan Trekantsambandet. Vi kan tilsetje og utvikle folk på ein heiltanna måte enn vi kunne før.

Trekantsambandet

GRATIS: I morgon er Trekantsambandet ferdig betalt, og bomstasjonen vert lagt ned. Med det vert turen gjennom sambandet 65 kroner billegare.

Foto: Kjetil Rydland / NRK