"OBS! Kan være stedvis glatte veier i distriktet!!"
Det tvitra Hordalandspolitiet i 5.30-tida torsdag morgon. Og mange trudde nok knapt sine eigne auge då dei kikka ut vindauga torsdag morgon. NRK.no har fått inn mange meldingar får fortvila bilistar.
E 16 stengt etter trailervelt
– Det er ikkje meldt om personskade, men vegen er stengt.
Det seier operasjonsleiar ved Hordaland Politidistrikt, Jan Steimler.
Når vegen kan opna, er ifølgje politi og vegvesen uavklart. Det er svært glatt i området.
No er det omkøyring via fylkesveg 7 og riksveg 13, opplyser Statens Vegvesen.
– Å køyra på sommardekk på E 16 no er absolutt ikkje tilrådeleg.
Det seier Roger Lemme, vaktoperatør ved Statens Vegvesen etter trailervelten.
Snødekke fleire stader
Vegane omkring Voss er ikkje dei einaste Fleire stader var nemlig bakken kvit av snø og slaps på bakken.
Statens Vegvesen melder blant anna om snødekke på E 16 mellom Voss og Gudvangen, på E 39 mellom Knarvik og Oppedal, på Ev 134 ved Odda og fleire stader på RV 13 i Hardanger.
– Skulle tru det var midt i januar
Frå fleire stader i fylket har det kome meldingar frå lesarar og lyttarar som vakna opp til vinterføre. Mange stader er det enno ikkje brøyta.
– Å koma seg fram på sommardekk går iallfall ikkje, skriv ein lyttar frå Eikelandsosen til NRK.no
Voss, Odda, Fusa og Os er blant stadene der det er meldt om snø og glatte vegar. Fleire av dei NRK.no har snakka med, har måtta ty til kjettingar for å koma fram i det heile.
– Ikkje akkurat vanleg mai-vêr
– Det er vel ikkje akkurat vanleg at det er kvitt i mai nei.
Det seier meterolog Anne Mette Olsen ved Vêrvarslinga på vestlandet. Ho legg til at det har kome snø òg endå lenger ut i mai.
– Det har jo hendt at det har snødd 17.mai. Men så gale ser det heldigvis ikkje ut til å bli i år.
Vakna du opp til snødekke i dag? Send oss gjerne eit bilete av korleis det ser ut der du er: Hordaland@nrk.no