Hopp til innhold

Skal du ut med bilen? Pass på!

– Ikkje køyr med sommardekk, bli heller heime, melder Statens Vegvesen. Over heile fylket er det tett snøvêr og svært glatt.

Hordalandspolitiet har hatt ein travel dag så langt. Klokka 10 handla dei ni siste meldingane på Twitter utelukkande handla om trafikktrøbbel i ulile delar av fylket på grunn av kraftig snøfall.

Siste: Bil i fjellvegg i Hernestunnellen, E16, mellom Evanger og Bolstad. Ingen personskade. Passering på stedet. Ambulanse og politi på veg. Bil utfor vegen på E39, Vikanes, Lindås. Ingen personskade. Materielle skader. Politi og bilberging på veg.

Til alt hell har ingen personar kome til skade.

Trafikkaos i store delar av fylket

Snøkaos møtte bilistar på vegane i Hordaland fredag morgon. I Bergen, Hardanger, Voss og Nordhordland la det seg mellom 5 og 15 cm nysnø mange stader, og mange måtte la bilane stå.

KOM MAI, DU SKJØNNE, MILDE: E39 over Vallaheiane var stengt i fleire timar på grunn av snøkaos fredag.

– Eg vil sei det så sterkt at om folk berre har sommardekk, bør dei enten la bilen stå eller skifte dekk.

Det seier Tore Tysse, vaktoperatør ved Statens Vegvesen. Klokka 11 melder Vegtrafikksentralen at Europaveg 39 over Vallaheiane i Fana opnar for trafikk, etter at vegen har vore stengt sidan 8-tida.

Det er svært glatt over heile Hordaland i dag, og snøkaos har skapt store trafikkproblem.

Stengd i Skjordskiftet

STENGD: E39 over Vallaheiane vart fredag morgon stengd ved Skjoldskiftet.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Måtte snu i Åsane

Olaug Nilssen var på veg til Fjaler, men måtte snu på grun av snøvêret.

MÅTTE SNU: Olaug Nilssen var på veg til Sunnfjord i Sogn og Fjordane, men måtte snu ved IKEA i Åsane på grunn av sterk vind og mykje snø.

Foto: Olaug Nilssen / NRK

– Eg har gitt opp å kome meg til Fjaler. Sit ved IKEA i Åsane og kjenner vinden riste i bilen, skriv Olaug Nilssen på Facebook i 8-tida i fredag.

Ho er ein av fleire bilistar NRK.no har snakka med i løpet av morgonen.

Nilssen var på veg frå Bønes til Fjaler i Sogn og Fjordane, men måtte rett og slett gi opp då ho var komen til IKEA i Åsane.

– Verre over Bønes, masse bilar på sommardekk, og når eg høyrer på P1 om Nordhordaland skjønar eg berre at dette ikkje går, skriv ho.

Svært glatt på vegane

– Folk må berre sjå ut av vindauga før dei set seg i bilen, seier ein oppgitt vaktoperatør Tysse.

På Twitter melder politiet om fleire utforkøyringar og fastkøyrde vogntog.

På Årsbrekk mellom Voss og Vinje står eit vogntog bom fast. I Kjevikdalen i Lindås, omlag fem kilomter nord for Seim, har ein lastebil havna utfor vegen mens hengaren står i vegbana. Fleire lyttarar har ringt inn til NRK Hordaland si morgonsending og fortald om opp mot ti cm nysnø i Nordhordland.

– Fullstendig kaos på Nattlandsfjellet

Klokka 07.30 kom det melding om at ei kvinne hadde sklidd inn i fjellveggen på Nattlandsfjellet i Bergen.

Kvinna slapp frå uhellet utan fysiske skader, men skal vera i lettare sjokk, ifølge politiet.

NRK.no har fått inn mange meldingar frå bilistar som står bom fast. Spesielt på Nattlandsfjellet og i Sædalen er det ille.

Snøkaos i Sædalen

I VEGKANTEN: Det var slept og vanskelege køyreforhold mellom Sædalen og Nattland i Bergen fredag morgon.

Foto: Marius Tengs Johansen

Også på Fanafjellet skal det vere fullstendig kaos, etter at fleire bilar har prøvd å koma seg over, og så måtte snu.

Blant anna står det ein russebuss på tvers i vegen, melder ein lyttar til NRK Hordaland si morgonsending.

Verst i indre strøk

– Det er verst føre i Hardanger, over Kvamskogen og på Voss. Der har snøen lagt seg, og det er skikkeleg vinterføre, seier Tore Tysse.

Også i går var det svært glatt mange stader i Hordaland, og lite som minna om vårvêr på vegane.

– Vi kan jo ikkje forby folk å legga ut på vegane, men eg oppmodar så sterkt eg kan om at die som berre har sommardekk, ikkje ein gong prøver å ta seg fram, seier Tysse.

Her er det stengt eller uframkomeleg

  • Vallaheiane i Fana, Bergen. Statens Vegvesen meldte klokka 10 at vegen opnar for å sleppe ned bilistane som har stått fast sidan klokka 8. Vegen er framleis delvis stengt.
  • Sædalen i Bergen. Her står både bussar og privatbilar bom fast.
  • Fanafjellet. Ein russebuss står fast, i tillegg til mange bilar som har utan hell har prøvd å kome opp og har snudd.
  • Gullbotn, Fv 7. Her er det tjukt med snø og svært vanskelege forhold. Fleire personbilar står meir eller mindre fast, i følge politiet. – Ikkje køyr her utan vinterdekk, seier Statens Vegvesen.
  • Fv 57 mellom Mongstad og Knarvik. Fleire bilar har problem og det er uråd å koma fram.
  • E 16 mellom Voss og Vinje. Ein trailer står fast og sperrar delvis.