Hopp til innhold

Ny bru mellom Sotra og Bergen

Vegvesenet går inn for ny firefelts bru mellom Sotra og Bergen. Det var akkurat det folk som bur i området hadde frykta aller mest.

Forslag til ny bru mellom Sotra og Bergen
Foto: Illustrasjon frå Statens vegvesen

Sotrabrua

NY BRU: Vegvesenet vil ha firefelts bru i tillegg til dagens bru.

Foto: NRK

Statens vegvesen la fram si innstilling til nytt Sotrasamband på ein pressekonferanse klokka 11 i føremiddag. Kapasiteten på Sotrabrua er sprengt, og valget stod mellom undersjøisk tunnel og bru.

Vegvesenet har landa på ei firefelts hengebru som skal koma like nord for dagens bru. SJÅ KART NEDANFOR.

Meiner bru er best på lang sikt

Prosjektleiar Magnus Natås i Statens vegvesen seier til NRK at mellom 10 og 20 hus vil måtta rivast viss brua blir bygd.

Han mener ei bru er meir fornuftig i eit lengre perspektiv, sjølv om det medfører ulemper for nærmiljøet.

Jørn Eggum

KAN MISSA HUSET: Jørn Eggum (t.v.) er ein av dei som risikerer å missa huset viss bru-forslaget frå vegvesenet blir gjennomført.

Foto: Jenny Duesund / NRK

Kallar bru-løysing ein tragedie

Akkurat denne løysinga hadde folk som bur i området frykta aller mest. Grunnen er at bruløysinga fører til større inngrep i landskapet og i større grad kjem i konflikt med eksisterande bygningar.

Talsmann for aksjonsgruppa "Ja til Sotratunnel", Per Tore Bøe, sa til NRK før utfallet var klart at ei bruløysing vil bli ein tragedie.

Etter at vegvesenet no har lagt fram si innstilling, startar den politiske behandlinga av planane.

Jørn Eggum er ein av naboane som kan missa huset. Han håpar no at politikarane vil velga tunnel til slutt, sjølv om det ikkje er det Statens vegvesen går inn for.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.