Hopp til innhold

Hastemøte om resistent lakselus

Lakselus i eit oppdrettsanlegg på Austevoll har blitt resistent mot lusemiddel. No kallar Mattilsynet inn til hastemøte om saka.

Laks på tur opp Støvvelfossen i Stordalselva

Denne krabaten er i stor fare, hevdar villfisklaget.

Foto: May Hamnes

- Dersom ikkje me får bukt med dette, går me mot ein grusom vår, seier leiar i Hardanger Villfisklag, Svein-Helge Pedersen.

Han er redd villaks og sjøaure kan bli utrydda.

Resistent

Lakselus i eit oppdrettsanlegg på Austevoll er blitt resistent mot lakselusmiddelet "Slice". Dette er eitt av to godkjende middel mot lakselus i Noreg.

Det er fyrste gong ein slik resistens har blitt påvist i Hordaland. I fjor hadde områda rundt Trøndelag same problem. Her fekk ein bukt med problemet.

Mattilsynet har no kalla inn fagmiljø og næringa til hastemøte for å diskutera mogelege tiltak.

Tragiske konsekvensar

- Når me ikkje lenger har dette lusemiddelet, vil antal lus eksplodera. Tidlegare har ein hatt ein viss kontroll over antal lus, men no er denne kontrollen borte, seier Pedersen.

Han fryktar det går utover såkalla anadrome fiskar; sjøaure og laks. Desse vil ifygje Pedersen ikkje takla dei nye, store mengdene lus som vil koma framover.

- Dersom ein ikkje overvinn dette, blir villfisken borte, hevdar leiaren i villfisklaget.

Han fortel at villfisklaget har funne laksesmolt med 2000 lakselus på seg allereie. Ein vaksen fisk kan overleva med fire og fem lakselus. Villfisklaget si uro er i dag difor mangedobla.

- Når ein ser på slike tal, skjønar ein kva konsekvensar ein luseresistens fører med seg, fortel Pedersen.

Chilenske tilstandar

Mattilsynet og villfisklaget er uroa for at Noreg skal komma i same situasjon som Chile. I landet i Sør-Amerika vart lakselusa resistent over heile landet. Mattilsynet ynskjer no å få på plass tiltak innan kortast mogeleg tid.

Lakselus

Lakselus er av dei typane fiskesjukdomar som enklast kan spreia seg mellom oppdretts- og villaks. Dei kan transporterast levande med sjøvatn over store avstandar.