Hopp til innhold

Vil ikkje heva ubåten på Fedje

Kystverket gjekk i dag inn for at ubåten skal dekkjast til og ikkje hevast.

U-864 ved Fedje
Foto: Geoconsult/Kystverket

Avgjerda vart kjend på pressekonferansen til Kystverket i formiddag.

Følg pressekonferansen direkte her!

Kva meiner du om vedtaket? Sei di meining nedst i artikkelen.

Ynskjer heving

- Me er svært spente på forslaget. Det har vore en lang prosess. Folk har store forventningar til det som vert lagt fram, seier ordfører i Fedje, Kristin Handeland (Ap)

Video nsps_upload_2008_11_10_10_41_32_573.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Ubåtvrak utenfor Fedje skal ikke heves

Folk på Fedje ynskjer å heva ubåten, og har fått støtte frå fleire hald. I fjor vedtok regjeringa å dekkja til vraket. Dei meinte dette var det sikraste alternativet. For to år sidan føreslo derimot Kystverket å heva ubåten.

- Miljørisikoen var større ved heving, meinte regjeringa.

LES MEIR: Får kjeft av sjøfartsdirektøren

Men miljøorganisasjonar, innbyggjarar på Fedje og fiskeriorganisasjonar raste mot å dekkja til ubåten. Dei ynskte heving av vraket.

LES MEIR: Vil fryse havbunnen

På bakgrunn av dette har no Kystverket granska saka nærare. Dei har mellom anna henta inn anbod frå mogelege bergingsselskap.

LES MEIR: - Kvikksølvet må vekk

Ubåten

Den tyske ubåten U-864 vart funnen utanfor Fedje i 2003. Då hadde den ligge i sjøen sidan den vart senka i februar 1945. Ubåten var på veg til Tyskland og hadde 65 tonn kvikksølv ombord.

- Eit nytt forslag om tildekking vil bli dårleg motteke både av folk på Fedje og av støttespelarar, seier ordførar Handeland.