Hopp til innhold

Fryktar høg valdeltaking

Konservative kristne håpar folk som ikkje går i kyrkja til vanleg lar vere å stemme ved kyrkjevalet.

Kirkevalg
Foto: Jens Kyed / NRK

I år er det både kyrkjeval og stortingsval 14. september. Det betyr at medlemer i statskyrkja kan stemme på kandidatar til kyrkjelydsråd, bispedømeråd og Kyrkjeråd.

Redaktør i den kristne avisa Norge i dag, Bjarte Ystebø, meiner det blir eit demokratisk problem dersom det blir svært høg valdeltaking. Han likar dårleg at regjeringa la kyrkjevalet på same dato som stortingsvalet.

Fryktar forlenging av homokampen

Saka som engasjerer både konservative og liberale krefter i kyrkja ved dette

Bjarte Ystebø

Redaktør i Norge i dag, Bjarte Ystebø.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

valet er den nye ekteskapslova. Ystebø fryktar at passive medlem av statskyrkja skal bidra til å stemme inn kandidatar som er liberale i spørsmålet. Han trur kyrkjevalet er lagt parallelt med stortingsvalet nettopp for å få folk som ikkje ville bry seg til vanleg, til å stemme.

- I utgangspunktet er eg skeptisk til det. Eg trur politikarane ynskjer å forlenge homokampen dei har drive i regjeringsperioden. Men eg håpar jo at det ikkje blir slik, men at det faktisk blir dei som går i kyrkja som òg vil gå å stemme. Dersom mange av dei som aldri går i kyrkja stemmer ved kyrkjevalet som del av ein forlenga politisk kamp, så er det eit stort demokratisk problem, seier Ystebø.

- Me må tåle demokrati

Jarle Veland, som er sogneprest i Fyllinsdalen, likar dårleg tanken på at berre utvalde kyrkjemedlem skal stemme ved Kyrkjevalet. Han meiner både liberale og konservative misser av syne det viktigaste i kyrkja.

- Me har ikkje noko A og B medlemskap i kyrkja. Alle er likeverdige medlem. Eg tykkjer kyrkja gong etter gong går i den same fella at ein lar andre spørsmål overskygge det som eigentleg er kyrkja sin hovudbodskap.