Hopp til innhold

Penger frå Bergen kommune?

Då kan du måtte vente lenge.

Robert Rastad

BERGENS TRAVLESTE MANN? Robert Rastad må òg slite med ubetalte rekninger i kommunen.

Foto: Aleksander Vallestad

17.000 tilsette i kommunale tenester, skoler og barnehager legg ned arbeidet. Bergen er ein av kommunane som er hardest ramma.

LES ÒG: Bergen hardest rammet av streik | Kan verte parkeringskaos

Òg rekneskapskontoret i Bergen kommune er teke ut i streik.

Lønns- og regnskapssenteret, LRS, handterer utbetalingar frå kommunen. Det inkluderer pengar til entreprenører og andre som arbeider for kommunen.

– LRS handterer i snitt 1000 fakturaer dagleg. Det tilsvarer eit snitt på 25 millioner kroner i utbetalingar dagleg, seier Robert Rastad, informasjonsdirektør i Bergen kommune.

Dersom streiken vert langvarig kan dette kan få store konsekvensar for dei som leverer mykje til kommunen.

– Bergen kommune er den største bedrifta på Vestlandet. Me får tenester frå enormt mange leverandørar, seier han.

Dei fakturaene som ligg i systemet i dag vert utbetalt som normalt, men nye fakturaer vert liggjande til streiken er over. Men informasjonsdirektøren fryktar ikkje eit ras av purringar og inkassokrav.

– Leverandørane er jo klar over situasjonen. Men eg tykkjer det er svært leit at det får slike konsekvensar, seier Rastad.