Hopp til innhold

Fallskjermhoppar alvorleg skadd

Mann (21) er alvorleg skadd etter ei fallskjermulukke på Ekstremsportveko på Voss.

Bømoen på Voss

Bilete er tatt på Bømoen rett etter ulukka under Ekstremsportveko torsdag.

Foto: Tommy Barstein / NRK

Ein person ble først sendt til Voss sjukehus med ambulanse etter ei fallskjerm-ulukke på Bømoen. Han blei deretter flytta til Haukeland Universitetssjukehus.

Ifølge sikkerhetsansvarleg i Voss Fallskjermklubb har mannen fått alvorlege indre skadar.

- Me har ikkje fått mykje informasjon så langt, då me har blitt nekta adgang til området der hopparane er, fortel NRK - reportar Tommy Barstein i frå Bømoen, der ulukka skjedde rundt klokka 11.

– Men me ser inn, og folk som held rundt kvarandre og gret openlyst, så det er klart at ulukka pregar stemninga på Bømoen.

Alvorleg skadd

– Ein fallskjermshoppar har hatt ei hard landing, sa operasjonsleiar Inger Myrtvedt hjå Hordaland politidistrikt til NRK rett etter ulukka.

– Luftsportsforbundet skal granska saka for å finne ut akkurat kva som skjedde, seier sikkerhetsansvarleg i Voss Fallskjermklubb, Hans Christian Amlie til NRK.

Mannen skal vera i frå Vestlandet, og skal ha hoppa i fallskjerm fleire gongar tidlegare.

– Dette pregar jo dei næraste venen hans, og ikkje berre dei. Dette er noko som påvirkar oss alle her på Ekstremsportveko, seier han.

Politioverbetjent på Voss Jan Olav Heggseth gir Ekstremsportveko gode skussmål for at situasjonen var kontrollert då politiet kom på staden.