Hopp til innhold

- Blogginga er ei viktig trøst

Kreftforeningen vil fortsetta å lenka til utleverande bloggar, trass i åtvaringane frå Barneombodet.

Antibiotika, syk,

Foreldre legg ut detaljar om sine kreftsjuke born på nettet.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

LES ÒG: Åtvarar mot å utlevera kreftsjuke born på nettet

På nettet florerar det med bloggar der foreldre legg ut sjukdomsforløp og bilete av sine kreftsjuke born. Ofte inneheld både nettsidene og Facebook-oppdateringane detaljert og sensitiv informasjon.

«I løpet av en dag på barneavdelinga ble livet vårt snudd på hodet. Legene fant en svulst på 11 ganger 13 cm i magen hennes.»

- Hjelp til sjølvhjelp

Tankefull kvinne

Det kan vera hardt for 17-18-åringar å finna informasjon om seg sjølv på internett.

Foto: Michèle Constantini / Colourbox

Barneombodet har i dag åtvara pårørande mot å utlevera borna sine på denne måten. Kreftforeningen skjønar skepsisen, men meiner blogginga er viktig.

- Det er hjelp til sjølvhjelp og hjelp til andre. Ein hjelper folk med same kreftform, eller på same alder med blogginga, seier nettredaktør Hege Fantoft Andreassen.

Vil fortsetta å lenka til bloggane

Sidan Kreftforeningen opna for å lenka til bloggar på nettsidene sine har dei opplevd ei jamn auke i talet på bloggar som blir lagt ut.

Kreftforeningen står ikkje ansvarleg for innhaldet i bloggane, men hjelper dei pårørande og dei sjuke med å formidla dei vidare. Det har dei tenkt å fortsetta med.

- Dette gjer me fordi me ser at mange kreftsjuke, spesielt unge, søker hjelp og råd frå andre som har opplevd liknande som dei. Då er bloggar den mest nærliggande staden å finna trøst, trur me, seier Andreassen til NRK Hordaland.

- Kan bli brukt i jobb- og forsikringssamanheng

Jonny Svoi i støtteforeningen for kreftsjuke born vil ikkje støtta kreftforeningen. Han meiner blogginga kan få konsekvensar for borna i framtida.

- Det er mange måtar å bruka informasjon på, i jobbsamanheng og med forsikring, seier han.

LES ÒG: «Nå lille venn, er du på Facebook!» | Advarer mot "minneprofiler" | Vil slette barneinformasjon

Han meiner likevel det er den kjenslemessige påkjenninga som er det verste for ungane.

- Det kan bli tøft for borna å finna att slik informasjon på nettet når dei blir 17-18 år eller eldre.

- Det blir som å gå ned att og ned att i kjellaren, gong på gong, seier Svoi til NRK Hordaland.