Hopp til innhold

Saman for å gje Odda verdsarvtittel

- Dette prosjektet er veldig viktig for norsk identitet. Dette er jo staden der Noreg gjekk frå å vera eit av Europas fattigaste land til å bli eit av verdas rikaste, seier Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Odda smelteverk

Torsdag var den offisielle opninga av starten på arbeidet med å få Odda (biletet), Rjukan og Notodden inn på verdsarvlista.

Foto: Torolf Teigen / Scanpix

Torsdag var han og Riksantikvaren på Rjukan for å markera starten på det formelle arbeidet med verdsarvsøknaden for industristadene Rjukan / Notodden og Odda / Tyssedal.

- Planen og vona er å gjera Noregs industrielle vogge til ein del av verdsarvlista. Det vil trekkje turistar, og me håpar også at det vil bety noko for næringslivet og sysselsetjinga, seier Miljøvernministeren til NTB.

LES OGSÅ: Minister kjempar for smelteverket

Tett samarbeid

No startar Riksantikvaren arbeidet med å skriva søknaden om verdsarvstatus i tett samarbeid med kommunane. Denne skal leverast til UNESCO-komiteen i Paris, og i 2014 vil det etter planen vera klart om Odda, Rjukan og Notodden kjem på verdsarvlista.

Det var tre stolte ordførarar som deltok på møtet torsdag.

- Me er tre kommunar med same arv og same kultur. Me er litt ulike, men saman vert me eit sterkt lag, seier ordførar i Odda, Gard Folkvord (Ap)

Ordførarane i Odda, Rjukan og Notodden

Dei er ordførarar i tre ulike kommunar, men har same mål. F.v: ordførar i Tinn, Turid Opedal, ordførar i Odda, Gard Folkvord og ordførar i Notodden, Lise Wiik

- Like viktig som fjordane

– Dette prosjektet er like viktig som fjordane våre då dei fekk verdsarvstatus, seier styreleiar i Fjord Norge, Kjetil Smøraas.

I dag er Noreg kjent for naturen, men Smøraas meiner turistane ser etter ei pakke av ulike attraksjonar og tema når dei vurderer om dei skal koma eller ikkje.

- Med Odda og Tyssedal på verdsarvlista vil Hardanger få ei ekstra medalje og litt ekstra opplevingskraft, seier han, som meiner dette vil trekkje fleire til Vestlandet.

LES OGSÅ: Er dette verdensarv? | Første skritt mot verdensarv-status

Ynskjer auka entusiasme

Randi Bårtvedt, direktør ved Norsk vasskraft- og industristadmuseum, vart imponert over engasjementet på den offisielle opninga torsdag.

- Det me treng no, er at me i vest vert like entusiastiske som dei er austpå. Me må jobba saman. Hardanger har veldig mykje å bidra med når det gjeld dette UNESCO-minnet, seier ho.

LES OGSÅ: - Si ja til verdensarv | Valgdebatt i Odda

Erik Solheim på verdsarvmøte i Rjukan

Ein engasjert Miljø- og utviklingsminister fortalde kvifor regjeringa vil ha industristadene inn på verdsarvlista.