Hopp til innhold

Frifunnen etter Skuteviksbrannen

Michele Saluzzi (27) er frifunnen etter storbrannen i Skuteviken i Bergen i september 2008.

Video Frifunnen etter storbrann

- Eg er veldig, veldig letta. Dette er den beste dagen i livet mitt, fortel Saluzzi til Bergensavisen frå eit hotellrom i Oslo seint tysdag kveld.

Han sat i flyet frå Italia då dommen blei lest opp i Bergen tingrett i dag. Retten var samrøystes i frifinninga.

Sovna frå pizza

Saluzzi var tiltalt for uaktsam brannstifting med fare for liv og store

Michele Saluzzi

Michele Saluzzi

Foto: NRK

øydeleggingar etter storbrannen i Skuteviken natt til 7. september 2008. Påtalemakta meiner mannen blei skuldig i brannen då han sovna frå pizzaen sin. Verdiar mellom 25 og 30 millioner gjekk tapt då Skuteviksboder 13 brann ned og 11, 12 og 14 blei sterkt brann- og vasskadde.

Italienaren har heile tida nekta straffskuld, og i retten hevda forsvararen hans at det var ein feil ved det elektriske anlegget som var årsaka til brannen.

Aktoratet la ned påstand om 120 dagars fengsel, men fekk altså ikkje medhald i retten.

.

Nils Christian Nordhus

Forsvarar Nils Christian Nordhus opplever etterforskinga som svært mangelfull.

Foto: Christian Kråkenes / NRK Hordaland

"Svært mangelfull etterforsking"

Advokatfullmektig og forsvarar til Saluzzi, Nils Christian Nordhus, er sterkt kritisk til etterforskinga rundt brannen. Han fortel at også juryen la vekt på dette.

- Retten skriv rett ut at etterforskinga har vore "svært mangelfull", og det er eg heilt einig i. Dette har vore forsvaret sin kjepphest i saka, og det er denne mangelfulle etterforskinga som langt på veg må ta skulda for at Saluzzi er blitt tiltalt, seier Nordhus.

Saluzzi stod i fare for å få erstatningskrav på nærare 70 millionar kroner dersom han hadde blitt funne skuldig i retten i dag. Forsvararen hans fortel at saka har vore svært belastande for han.

- Det har vore svært vanskeleg. Erstatningskrav på mange titals millionar har lege over han, og han har heile tida sagt at han er uskuldig. No håpar me statsadvokaten i Hordaland tar til seg denne saka og gir Saluzzi fred og ro, seier forsvararen.

"...det fremstår som uforståelig at det ikke ble opprettet en bredere etterforskningsgruppe etter en brann av denne størrelsen... Etter rettens mening fremstår etterforskningen som svært mangelfull"

Utdrag fra dommen

Skal evaluera etterforskinga

Aktor i saka, politiinspektør Rune Malt, vil ikkje kommentera påstanden om at etterforskinga har vore mangelfull, men seier dei skal evaluera før dei avgjer om dei skal anka saka.

- Me skal gjennomgå og sjå om det er noko me burde ha gjort annleis, seier Malt.

- Har etterforskinga vore mangefull?

- Det vil eg ikkje seie noko om før eg har gjennomgått ho med dei som har etterforska saka.

Brann i Skuteviken

STORBRANN: Brannen natt til 7. september 2008 var synleg over store delar av Bergen sentrum.

Foto: James Hosea