- Eg meiner dette absolutt er eit av fleire tiltak som Bergen no bør vurdera, seier samferdsleministeren til Vestlandsrevyen torsdag kveld.
Tidlegare i dag gjekk fylkesmannen i Hordaland ut og sa at han ynskjer at regjeringa gir Statens Vegvesen lov til å mangedobla bompengesatsane på dagar med stor luftforureining. Saman med fylkeslegen har han skrive brev til helseministeren, samferdsleministeren og miljøministeren.
Byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland, reagerer sterkt på at Lars Sponheim ikkje heller gjekk direkte til byrådet. Ho meiner dessutan at forslaget er dårleg, fordi kollektivtrafikken ikkje vil tåle eit slikt tiltak.
Jobbar med saka
No kjem samferdsleministeren på banen og gir støtta si til Sponheim.
- Eg har alt tatt eit initiativ overfor Vegdirektoratet nettopp på dette punktet.
Men ho er ikkje samd med fylkesmannen om at bergenspolitikarane skal vera handlingslamma i kampen mot luftforureininga.
- Nei, eg vil ikkje bruka eit slikt uttrykk. Eg oppfattar at dei drøftar dette seriøst, seier Meltveit Kleppa.
Ligg fram i tid
Men det vil ta ei stund før eit slikt tiltak vert aktuelt.
- Det ligg litt lenger fram i tid, men me skal ha ei kort høyring og ei god drøfting, og så vil Bergen kunne trå til også på dette området, avsluttar ho.