Hopp til innhold

Fleire hundre overnatta i tunnel

Om lag 200 personar måtte overnatta i tunnel på fjellet.

Vågslidtunnelen

Måtte overnatta i tunnel.

Foto: Bernt Jæger

Ei kolonne med bilar var på veg over Haukelifjell i går ettermiddag, men blei hindra av dårleg ver og blei ståande fast inne i Vågslidtunnelen. Om lag 200 personar måtte overnatta i tunnelen, ifølgje Bergens Tidende .

Blant dei skal det vera fleire barnefamiliar.

Ein av dei innesperra er Bernt Jæger. Han seier til NRK at det går bra med han og kjæresten.

Overnatta i tunnel på Haukelifjell - Bernt Jæger

Kaldt og lite mat

– Vi har funne oss ei varmestove her inne i tunnelen. Men eg tenkjer på dei med små ungar som sit i bilane og har det kaldt, seier Bernt Jæger.

Han har med seg godt med klede, men trur ikkje det er alle som er like godt utstyrte for noko slikt.

– Det er ikkje så mykje mat, og mange er nok svoltne, seier Jæger.

Mange av dei står framleis fast i tunnelen, og det er uvisst kor tid dei kjem seg vidare.

Ifølgje Statens vegvesen skal det gjerast ei ny vurdering klokka 19 i kveld.

– For lite informasjon

Jæger er kritisk til informasjonen frå vegvesenet, og seier dei innesperra stort sett har måtta skaffa seg opplysningar sjølv om kva som skjer vidare.

Likevel greier dei å halda motet oppe:

– Her spelar vi yatzy og har godt humør, seier Jæger.

Sjå oppdatert vervarsel her:

Værvarsel for fjellovergangene i Sør-Norge

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.