Hopp til innhold

18-åring styrer Fusa Arbeidarparti

Med toppvervet i Fusa Arbeidarparti er Tarjei Mikkelsen (18) truleg den yngste til å leia eit lokalt partilag i Noreg.

Tarjei Mikkelsen

STØTTE FRÅ JENS: – Eg ynskjer Tarjei lukke til med vervet, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Foto: Privat

– Den største utfordringa vert sjølvsagt å vinna kommunevalet, men det vert også ei utfordring å driva god politikk på fritida når eg ikkje har skule og lekser, seier Mikkelsen om partileiarvervet.

For om lag ein månad sidan vart den unge mannen vald til leiar for Fusa Arbeidarparti.

I fylgje Os og Fusaposten var det då berre ni dagar sidan han hadde fylt 18 år. Det gjer han truleg til den yngste lokallagsleiaren i Noreg.

– Ei gåve å få sjansen

– Det er ei god kjensle og det er utruleg spennande, seier han sjølv om vervet.

Ambisjonane er det ingenting i vegen med, og Mikkelsen er audmjuk i høve ansvaret.

– Vervet kjem til å kreva sitt, men det er eg innstilt på å greia. Eg kjenner meg klar for oppgåva, sjølv om eg berre har eitt år med erfaring frå styrearbeid i lokallaget. Men med all hjelp og rettleiing framover, så ser eg ikkje på det som eit stort problem, men meir som ei gåve.

– Kjenner du deg klar for eit så stort verv?

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seia, eg vil jo nesten seia nei. Men eg har sagt ja til dette, og er innstilt å gjera ein god jobb.

– Uvanleg

Frank Aarebrot

– Ein ung leiar kan gje positiv merksemd under valkampen, seier politikk-ekspert, Frank Aarebrot.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Generelt meiner eg at litt livserfaring ikkje er den dummaste ballasten å ha i ein leiarjobb. Men ein må ikkje skjæra alle 18-åringar over éin kam. Han må jo vera ein ganske eksepsjonell fyr, seier professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot.

Sjølv om han meiner det er uvanleg at lokallagsleiarar vert valt når dei er såpass unge, må ein hugsa på at nokre er meir modne enn andre.

– Den einaste formen for diskriminering som er lov i samfunnet vårt er aldersdiskriminering. Det betyr ofte at me undervurderer at folk er ulike når dei er 18 år, seier Aarebrot.

– Kva vil det sei for lokalpartiet å ha ein så ung leiar?

– Ein ny leiar, ung eller gamal, så er det fornuftig at partiet bruker tid på å byggja opp denne leiaren og gje han høve til å uttala seg. Når han er så ung, så kan det også gje positiv merksamd for eit parti som skal inn i ein valkamp, seier han.

– Vil spela ein viktig rolle

Utenriksdepartementet bidrar med 30 millioner kroner i humanitær bistand

– Å ha Mikkelsen i leiarvervet gjer eit positivt signal for dei unge i politikken, seier partisekretær for Arbeidarpartiet, Raymond Johansen.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Raymond Johansen, partisekretær i Arbeidarpartiet, tykkjer det er kjekt at ein så ung mann har fått eit slikt ansvar i partiet.

– Eg har ikkje høyrt om nokon som er yngre enn Mikkelsen, og det er ikkje vanleg at 18-åringar er leiarar for lokallag. At han i tillegg til å gå på skule også engasjerer seg i politikken, vitnar om at han er ein person med stor arbeidskapasitet.

– Dessutan er Fusa sitt kommuneparti eit parti med stolte tradisjonar og aktive medlemmer, det er difor veldig kjekt at dei har valt han som leiar, seier han.

Johansen trur kommunevalet vert den største utfordringa for den nyvalde leiaren, og meiner han vil spela ein viktig rolle.

– Sidan Senterpartiet har ordføraren og me har varaordføraren i Fusa, så treng me Mikkelsen sitt pågangsmot og kreativitet.

Den unge leiaren får også støtte frå statsministeren.

– Det er viktig for demokratiet vårt at unge er engasjerte i politikk og også får leiaroppgåver. Eg ynskjer Tarjei lukke til med vervet, seier Jens Stoltenberg i ei tekstmelding til NRK.