Hopp til innhold

Her går mjølka rett i sluken

Slik ser det ut når hundrevis av liter mjølk blir tømt rett i sluken. Mjølkebilen kom ikkje fram på grunn av ras.

Video Tømmer ut mjølka i Jordalen

Denne mjølka kjem aldri i butikken. (Video: Trond Olav Neteland).

Er det ikkje det eine, så er det det andre! Det fekk dei om lag 40 innbyggjarane i Jordalen på Voss erfara denne veka.

Både ras og vatn

Jordalen i Voss kommune

Store skadar på vegen til Jordalen.

Foto: Trond Olav Neteland

Raset som stengde vegen og isolerte bygda natt til måndag blei rydda vekk i går.

Men samtidig har det kome så mykje regn at sjølve vegbanen er blitt øydelagt. Strie straumar med vatn har grave djupe spor i vegen.

Då mjølkebilen ikkje kom fram på grunn av raset, måtte bøndene i dalen tømma ut mellom 5000 og 6000 liter mjølk tilsaman. No håpar dei vegen seinast er i orden til torsdag, som er neste gong mjølkebilen kjem. Då ventar dei og leveransar av kraftfor til dyra.

Djupe spor

– Spora i vegen er så djupe at ein knapt kan kjøra med traktor, og i alle fall ikkje med bil, fortel Trond Olav Neteland til NRK.

Ifølgje Neteland fekk innbyggjarane beskjed om at folk frå kommunen skulle koma for å reparera vegen onsdag. Men han var i går kveld usikker på om dette vil skje, fordi det var meldt mykje regn komande døgn.

Onsdag ettermiddag seier driftssjef Nils Een i Voss kommune til NRK at det ikkje er forsvarleg å ha folk i arbeid på vegen på grunn av rasfare.

– Det er meldt betre ver i morgon, så då reknar vi med å ha vegen klar litt utpå dagen, seier Een.

Fryktar akutt-situasjonar

Det er slett ikkje første gangen i vinter innbyggjarane i Jordalen er isolerte.

Blant anna gjekk det eit ras i februar som sperra vegen .

No er innbyggjarane lei av å leva med den usikre vegen.

– Vi fryktar at det oppstår ein akutt situasjon samtidig som veret gjer det umogleg å koma inn i dalen med helikopter, seier Neteland.

Jordalen i Voss kommune

Jordalen blir isolert endå eit døgn. Det er håp om vegopning torsdag.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK