Hopp til innhold

Allsong med 80-talsheltane

- Dette skal bli ein kanonkveld!

Roxette Bergen
Foto: Kristine Askvik/NRK

- Det er heilt fantastisk å sjå så mange! ropte Marie Fredriksson frå scena då Roxette starta konserten sin på Bergenhus festning i kveld.

- Det er "underbart" å vera her!

- Me skal spela nokre gamle Roxettelåter, og de skal få høyre litt frå det siste albumet, seier Per Gessle.

Dei svenske 80-talsheltane starta med «Dressed for Success». Vidare song dei songar som «Wish I Could Fly», «Sleeping in My Car», «The Big L», «She's Got Nothing On But The Radio» og «Perfect Day».

Rundt 10 000 er til stades på konserten i kveld, og det blir meldt om allsong i strålande solskin.

LES: Her er konsertvåren i Hordaland

Roxette

TILBAKE: Marie Fredriksson og Per Gessle på scena i Moskva i forfjor.

Foto: Promo