Hopp til innhold

Kollaps i Telenor sitt nett

Brannen på Hallingskeid har ført til kollaps i Telenor sitt nett for mobil og fasttelefon i området.

Brann ved og i Hallingskeid stasjon

DEKNINGSKOLLAPS: Fiberkabelen til Telenor er lokalisert inne i tunnelen ved Hallingskeid stasjon. Det er usikkert når problemet vert ordna. Det føregår slokkingsarbeid på staden.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Rundt klokka 16.15 opplyser Telenor at det kun er èin basestasjon som er ute av drift.

Tidlegare vart det frå Telenor meldt om at heile nitten basestasjonar og tjueein fasttelefonar var råka av fiberbrotet. Telenor opplyser no at dei hadde feiltolka dataene.

Det er likevel store problem med mobildekninga i området grunna brot i ein fiberkabel.

Vanskeleg å kommunisera

– Det har vore store problem med kommunikasjonen heilt sidan me fekk meldinga, seier operasjonsleiar Ivar Hellene ved Voss lennsmannskontor.

Per Arild Meling

Regional informasjonssjef i Telenor, Per Arild Meling.

Foto: Pressefoto / Telenor

– Årsaken til problemet er brot i ein fiberkabel som er lokalisert inne i tunnelen, og det er brannen som har forårsaka problemet, seier regional informasjonssjef i Telenor, Per Arild Meling til NRK.no.

Les også:
Overbygg og åtte vogner utbrent
– Så røyk og flammer rett foran toget

Det betyr at mobiltrafikken enkelte stader i området ikkje fungerer i det heile teke. Andre stader er mobildekninga sterkt redusert.

I alt er 21 fasttelefonar ute av drift på Finse og nitten basestasjonar skal vera berørt som følge av brannen.

Området rundt Hallingskeid-Finse berørt

– Når vil de prøva å retta opp i problemet?

– I utgangspunktet er rettetida satt til klokka fire i morgon ettermiddag, men kabelen er plassert inne i tunnelen der det framleis brenn. Det er difor vanskeleg å sei konkret når dekninga kan ventast å vera attende att, seier Meling.

Det er i hovudsak området rundt Hallingskeid og Finse som er råka av fiberbrotet. Men Meling opplyser at Telenor treng noko tid på å få endeleg overblikk.