Hopp til innhold

Må spele på marerittbane

Brann har berre vunne ein gong på Viking stadion.

Roald Bruun-Hanssen

JUBLAR: - Dette vert skikkeleg moro, seier Roald Bruun-Hansen, dagleg leiar i Brann.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Dette vert cup, dette vert skikkeleg moro, var Roald Bruun-Hanssen sin umiddelbare reaksjon etter at det fredag vart klart at Brann møter Viking i kvartfinalen i cupen.

Men ein kikk på Brann sin statistikk på Viking stadion burde kanskje få Brann sin daglege leiar til å revurdera begeistringa.

For Viking stadion har slettes ikkje vore noko draumearena for Brann. På ni forsøk har Brann berre tatt med seg ein trepoengar frå Stavanger etter at Viking flytta frå Stavanger staion til det nye anlegget i Jåttåvågen.

23-6 til Viking

Målskilnaden på ni møter er 23 – 6 i dei mørkeblå sin favør.

Likevel trur Bruun-Hanssen at Trenar Rune Skarsfjord og spelarane er godt nøgde med å få ein ny sjanse til å møta Viking i Stavanger.

– Eg trur dei er godt fornøgde, me har jo nettopp hatt ein seriekamp mot Viking som me har lyst å retta oppatt, seier Bruun-Hanssen.

– Halder liv i cupen

Med statistikken i ryggen ser Viking-trenar Åge Hareide fram til å få bergensarane på besøk.

– Brann og Viking er to av dei laga som verkeleg har halde liv i cupen i Noreg. Dette vert ein fin kamp for norsk cuphistorie, seier Viking-trenaren som har fått eit aldri så lite pusterom etter ein tøff sesongstart.

Det var nettopp mot Brann det som kan ha vore vendepunktet kom. Siddisane tok sin første heimesiger for året då Brann vart sendt heim frå Stavanger med 3-0 i bagasjen.

Det var ikkje første gong skalpen til Brann har vore mykje verdt for Viking på si nye heimebane. I 2006 stod Viking i fare for å rykka ned i siste serierunde mot bergensarane. Den gongen banka dei blå frå Stavanger Brann 5-0.

Det var også mot Brann Viking tok den første trepoengaren på Viking stadion. I 2004 vann dei blå 4-2 mot rivalane frå Bergen, og hindra den leie rekka utan siger i si nye storstove.

– Den mest interessante kvartfinalen!

Også NRK sin fotballkommentator Arne Scheie understrekar at det vert ein kamp med mange poeng når Brann og Viking møtest.

– Spør du meg er Viking – Brann den aller mest interessante av kvartfinalane, seier Scheie.

Brann mot Viking er eit av dei klassiske oppgjera i norsk fotball. Vestlandsrivalane møttes for første gong i NM i 1920. I alt har klubbane møttest 15 gongar i NM. Siste møte enda med 2-0-siger til Viking, som hindra Brann frå å ta ”The double” i gullsesongen i 2007.

Her er oppgjera mellom Brann og Viking på Viking stadion:

2011 Viking - Brann 3-0
2010 Viking - Brann 4-0
2009 Viking - Brann 1-1
2008 Viking - Brann 1-2
2007 Viking - Brann 3-1
2007 Viking - Brann 2-0 ((cup)
2006 Viking - Brann 5-0
2005 Viking - Brann 0-0
2004 Viking - Brann 4-2