Hopp til innhold

Kvalflokk på bybesøk i Bergen

Søndag plaska dei rundt i sjøen utanfor Bergen sentrum. Det kan ta ei stund før dei kjem seg heilt ut på havet igjen, trur kvalekspert.

Video Grindkvalar i Hjeltefjorden

Flokken med grindkval blei tidleg søndag ettermiddag observert på veg frå Øygarden i retning Byfjorden og Bergen. I 17-tida var dei i sjøen like utafor Bergen sentrum, og blei observert ved Sandviken og nesten inn til Nordnes.

Dei ver ei stund i Byfjorden, men tok ikkje truen innom Vågen i Bergen. Litt over kl. 20 var dei ikkje lenger å sjå i Byfjorden, skriv Bt.no .

I Salhusfjorden måndag morgon

Måndag morgon blei kvalflokken sett ved Nordhordlandsbrua. Åse Andersen såg dei der i 7-tida på morgonkvisten.

– Det var heilt fantastisk å sjå. Det var mykje kval og dei sym og har det herleg. Det ser ut som dei leiker seg bortover Salhusfjorden i retning Bergen, seier Andersen til NRK.

– Ikkje kom for nær og skrem dei, for då kan dei enda på land. Viss ein ikkje skremmer dei på land, burde dei klara å symja ut igjen, seier kvalekspert Lars Walløe til NTB.

Han opplyser at grindkvalar ikkje er raske symjarar, så det kan ta litt tid før dei er ute på havet igjen.

Politiet ber folk om å halda avstand

Hordaland politdistrikt har søndag ettermiddag fått fleire telefonar om kvalane utanfor Bergen sentrum.

Raymond Misje tar bilete av grindkval

Raymond Misje var ute i båt og såg på kvalane. Her tar han bilete av ein grindkval.

Foto: Tove Kristin Hansen

– Folk har ringt frå både nært og fjernt og mange er bestyrta. Det er mange som er ute i båt for å sjå på dei og me oppmodar dei om å vera flinke til å halda avstand. Viss ikkje kan kvalane bli stressa, seier operasjonsleiar Terje Hilland i Hordaland politidistrikt til NRK.

Oppdaga i Hjeltefjorden laurdag

Kvalflokken var synleg på sjøen i bergensdistriktet også i går. Laurdag kveld var Hjeltefjorden fylt med grindkvalar og NRK-reporter Linda Ekeland var blant dei som fekk sjå kvalane på nært hald.

– Det var garantert over 100 stykk, både store og nokre litt mindre. Det var også veldig mykje folk ute i båt på fjorden, og mange følgde med kvalane, seier Ekeland.

Ekeland kjenner til at det har vore kvalar i denne Hjeltefjorden også tidlegare, men då har dei ikkje gått så langt inn.

Grindkvalar i Hjeltefjorden

Her er tre av kvalane i Hjeltefjorden laurdag kveld.

Foto: Linda Ekeland / NRK

– Spesielt at dei kjem så nær byen

Grindkval kan ifølgje Store norske leksikon bli ca. 8 meter lang, og opptrer ofte i store flokkar. Kvalarten er utbredt i det nordlege Atlanterhav, og i temperert havområde på den sørlege halvkule.

– Det er ikkje noko uvanleg å sjå store grindkvalflokkar langs norskekysten, men det er litt spesielt at dei kjem til ein så stor by som Bergen, seier Walløe.

Det er litt uklart kor stor flokken i sjøen utanfor Bergen sentrum er, men det er truleg godt over 50 kvalar. Ifølgje kvaleksperten er ikkje det ein liten flokk, men heller ikkje spesielt stor.

LES OGSÅ: Fjorden full av kval

Har du sett grindkvalane? Send gjerne bilete inn til Hordaland@nrk.no