Hopp til innhold

Fakkeltog på Askøy

To ungdommar frå Askøy kommune er sakna etter massakren på Utøya. I kveld er det appellar og fakkeltog på øya.

Markering på Askøy

Markering på Askøy på onsdag kveld.

Foto: Andre MArton / NRK

Omtrent 2000 samla seg i 18-19-tida ved Folkets hus på Askøy. Frå kl. 19 er det blitt framført appellar, og kl. 20 skal det gå fakkeltog frå Folkets hus til kommunehuset.

Mange av dei som møtte opp på Kleppestø hadde blomar eller roser med seg.

– Me har lagt opp til eit program der me har fleire appellar. Ein av dei som skal halda appell er ein AUF-ar som var med på Utøya, seier Terje Mathiasen, gruppeleiar for Ap i kommunen.

Han fortel at tragedien har prega Askøy veldig sterkt, og at øya no er i sorg.

– Det som vil skje etter denne dagen er at kommunen har opna eit rom i rådhuset, der folk kan komma og snakka med andre om det som har skjedd, seier Mathiasen.

Sjå sak og bilete frå fakkeltoget i Bergen måndag kveld

I Etne og Odda blir det også arrangert fakkeltog i dag. I Odda møtte nesten 3000 opp.