Hopp til innhold

Ungdom frå Hordaland stadfesta omkomne

Det opplyser politiet torsdag kveld.

Lystenning ved Den blå steinen

Marte Mjøs Persen og Harald Schjelderup i Arbeidarpartiet i Bergen tenner lys for kvar av dei to omkomme frå Askøy.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Politiet har i dag offentleggjort namnet på fleire av dei som mista livet på Utøya og i Oslo. To av desse er frå Hordaland:

Silje Stamneshagen (18) frå Askøy

Kevin Daae Berland (15) frå Askøy

Silje Stamneshagen

Silje Stamneshagen

Foto: Privat

Silje Stamneshagen blir av medelaver skildra som ei glad jente som lyste opp skuledagen og kvardagen.

Kevin Daae Berland blir skildra som ein kjærleg person som alltid var god mot alle.

Lystenning ved Den blå steinen

Arbeidarpartiet i Hordaland haldt torsdag kveld pressekonferanse på Folkets Hus der dei informerte pressen om politiet si offentleggjering av namn.

Den blå steinen

Den blå steinen søndag.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Me vil inforera pressen. Me vil òg heidra Silje og Kevin, som me i dag har fått stadfesta at er omkomne, seier Pål Hafstad Thorsen, fungerande leiar i Hordaland Ap.

Silje Stamneshagen hadde nettopp blitt med i AUF. Kevin Daae Berland skulle til hausten byrja i 10. klasse ved Ravnanger ungdomsskule, og hadde vore med i AUF sidan han starta på ungdomsskulen. Dette opplyste Arbeidarpartiet i Hordaland på pressekonferansen.

Dei gjekk vidare ned til den Blå steinen i Bergen sentrum, der dei tende lys for dei to omkomne frå Askøy.

Fem AUF-medlemmer frå Askøy deltok på leiren på Utøya, men berre tre kom tilbake.

Har offentleggjort 41 namn

Politiet offentleggjorde i dag namnet på 24 omkomne etter tragediane på Utøya og i Oslo. Totalt 41 namn er no blitt offentleggjorte av politiet.

Det er framleis tre ungdommar frå Hordaland som er sakna etter skytetragedien på Utøya.

Fleire minnemarkeringar

Dei siste dagane har det vore fleire minnemarkeringar rundt om i Hordaland. I går var det fakkeltog på Askøy , kommunen der dei to som i dag blei stadfesta omkomne kjem frå. Måndag var det fakkeltog i Bergen .