Hopp til innhold

Ap vil berge Bergenfest

Arrangørane fryktar Bergenfest 2012 blir den siste dersom dei ikkje får auka tilskot.

Lars Vaular i Arenum under Bergenfest

Lars Vaular i Arenum under Bergenfest.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Festivalen er basert på frivillig arbeid, medan reiselivsbransjen og utelivsbransjen får store inntekter. Eit spleiselag må til, elles er framtida usikker for festivalen, meiner Arbeiderpartiet.

Siste Bergenfest i 2012?

Harald Schjelderup

Harald Schjelderup (Ap) meiner bergenspolitikarane bør bidra til å berge Bergenfest.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Byrådskandidat for Arbeiderpartiet, Harald Schjelderup, seier det kan gå mot slutten for den populære musikkfestivalen.

- Bergenfest opplever no at dei må leve med underskot og at festivalen difor har ei uavklart framtid. Ei av årsakene er at reiselivsbransjen og utelivet bidreg for lite til å sikre økonomien til festivalen. Dersom me ikkje klarer å gjere noko med dette kan 2012 vere siste året med Bergenfest, seier Schjelderup.

- Bergen utan Bergenfest er utenkjeleg

Arbeiderpartiet kjem no med eit forslag til korleis ein kan sikre framtida til festivalen.

- Dersom eg vert byrådsleiar etter valet vil eg umiddelbart ta initiativ til å samle reiselivsbransjen, hotell, konsertarenaer og utestader til eit spleiselag slik at me kan berge Bergenfest, seier Schjelderup.

- Utestadene må vere rausare

Harald Victor Hove

Harald Victor Hove (H) seier det er vanskeleg å prioritere Bergenfest i budsjettet.

Foto: Kjetil Rydland/NRK

- Det er lite verken eg eller Harald kan gjere med dette, seier Harald Victor Hove, byråd for Høgre.

Hove meiner det er opp til Bergenfest og dei dei inngår avtalar med å ha ein dialog om korleis dei skal fordele inntektene som kjem som fylgjer av arrangementet.

- Kommunen er jo ikkje part i desse avtalane, og politikarane treng ikkje blande seg.

Vil auke tilskotet til festivalen

I tillegg til å invitere til dialog foreslår Ap at ein aukar det offentlege tilskotet til festivalen.

- Eg kan tenkje meg ein modell der Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune blar opp meir enn dei gjer i dag. Bergenfest har vorte ei naturleg perle som innleier vårsesongen i Bergen og det tener alle på, seier Schjelderup.

Vil ikkje forskjellsbehandle

- Problemet er at eg har mange fleire festivalar som står på mitt budsjett. Eit døme er Nattjazz som òg slit. Dei treng vel så mykje draghjelp som Bergenfest, seier Hove.