Hopp til innhold

Anleggsområde under vatn

Byggearbeid ved kjøpesenteret i Loddefjord er blitt stoppa av store vassmengder.

Byggeplass under vatn.

Det vil ta tid å få vekk alt vatnet.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Det var ikkje mogleg å halda fram med byggearbeidet ved Vestkanten kjøpesenter i Bergen i dag. I løpet av natta har byggeplassen blitt fylt opp med vatn.

Det er Veidekke for står for arbeidet på byggeplassen. Dei jobbar med ei utviding av Vestkanten kjøpesenter.

Byggeplass under vatn

Det er vanskeleg å få arbeidd her.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– Ei overvassleidning i området er blitt lagt ut i eigen trase medan byggearbeidet føregår. Dei store nedbørsmengdene i natt førte til at den gjekk over breiddene sine, forklarer prosjektleiar Geir Morten Nordvik.

– Vêrgudane er i mot oss

Det var sett opp pumper på byggeområdet, men det kom så store mengder med nedbør at dei ikkje greidde å ta unna alt.

– Vêrgudane er litt i mot oss, det er det ingen tvil om. Men skal likevel greia å bli ferdige til avtalt tid. Ein dag utan arbeid går bra, seier Nordvik.

Han håpar byggeplassen vil vera tømt for vatn i 5-tida i ettermiddag.

Maskinar står i vatn ved Vestkanten.

Nokre maskinar står delvis under vatn.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– Me har kontroll på situasjonen og vil pressisera at ingen personar har kome til skade. Verken våre eigne folk eller andre, seier Nordvik.

Ein del utstyr har hamna under vatn, men prosjektleiaren trur ikkje det er blitt øydelagt. Dei må likevel undersøka ein del av utstyret.

Brannvesenet på plass med pumper

– Det er ein del maskinar som står under vatn, og det er snakk om nokre meter med vatn, seier vaktoperatør Jarle Skår ved Bergen brannvesen.

Brannvesenet er på staden og jobbar med å få fjerna vatnet.

– Dei har i byggearbeidet gravd seg ned i forhold til terrenget. Det kan då lett skje at vatn samlar seg opp, og det regna mykje i natt, seier Jarle Skår.

Pumper opp vatn frå byggeplass

Brannvesenet jobbar med å få pumpa opp vatnet.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK