Hopp til innhold

– Handling framfor ord

Rødt-leiar Turid Thomassen er villig til å gå i fengsel for Hardanger.

Turid Thomassen aksjonerer i Hardanger

Turid Thomassen aksjonerer i Hardanger.

Foto: Magne Hagesæter / Scanpix

Onsdag føremiddag møter leiaren i Rødt, Turid Thomassen, i Nordhordland tingrett fordi ho nektar å vedta bøter for å ha demonstrert mot høgspentmaster i Hardanger i juli.

– Eg har ikkje tenkt å betale noko bot. Viss eg får fengelsstraff for noko eg trur på, så tar eg den, seier Thomassen.

Les òg: Håper rettssaken blir et vendepunkt

Les òg: - De får bare kaste meg i fengsel

Les òg: ALT OM KRAFTLINENE I HARDANGER

Elleve masteaksjonistar risikerer fengselsstraff fordi dei nektar å betale bøtene dei har fått i samband med demonstrasjonar mot bygginga av kraftliner i Hardanger.

Forsvarar bruken av sivil ulydnad

Turid Thomassen

Rødt-leiaren møter i Nordhordland Tingrett på onsdag.

Foto: Magne Hagesæter

Rødt-leiaren forsvarar bruken av sivil ulydnad for å stoppe bygginga av høgspentmaster i Hardanger, og meiner mastene er eit resultat av at regjeringa er i oljerus.

– Avgjerda om å byggje master var verken demokratisk eller faktabasert. Dei openbare motiva er å forsyne det aukande straumbehovet til olje- og gassnæringa, og å på lengre sikt kunne eksportere større menger straum ut av Bergensområdet og ut av landet, seier Thomassen.

Rødt-leiaren meiner vedtaket om mastene vart gjort på sviktande grunnlag og krev at saka kjem opp til ny politisk handsaming, denne gongen i Stortinget.

– Meir enn ord

– Som politikar og som leiar av eit parti så held det ikkje at ein berre lovar. Me må stå for det me seier i praksis òg.

Kan det få konsekvensar for deg som partileiar dersom du må i fengsel for dette?

– Det er det landsstyret og landsmøtet som eventuelt må seie noko om. Eg håpar jo at dei står bak meg slik dei har gjort heilt fram til no. Eg prøvar jo å vere ein partileiar som står for det eg og partiet meinar.

– Borten Moe treng vaksenopplæring

– Noreg har alle moglegheiter til å bli fornybarlandet. At ein legg til rette for krafteksport i staden for å satse på straumsparingstiltak og grøn industri syner at regjeringa ofrar få tankar til det framtidige levebrødet i Noreg, seier Thomassen.

Thomassen meiner olje- og energiministeren må ta lærdom av bråket som har vore både før og etter vedtaket om å byggje kraftlina mellom Sima og Samnanger.

– Viss Ola Borten Moe ikkje har lært av regjeringa sine feil i prosessen rundt mastene i Hardanger, treng han vaksenopplæring. Eg inviterer gjerne med Borten Moe på tur i Hardanger for å gje han nokon andre perspektiv på norsk natur og næringsliv, seier Thomassen.

Aksjonistane har fått 12.000 kroner i bøter kvar, og risikerer rundt 20 dagar i fengsel viss dei blir dømde i tingretten og nektar å betale. Dommen er venta i slutten av denne veka.

Video Politi fjerna Hardanger-aksjonistar

FJERNA MED MAKT: Politiet møtte mannsterkt opp då Synnøve Kvamme og andre aksjonistar hindra arbeidet under mastebygginga i juli.

Foto: Arnstein Karlsen