Hopp til innhold

Supporterane må smørja seg med tålmod

Det kan gå nokre dagar før det blir klart kven som fått billett til cupfinalen.

Brannsupportere

Mange Brann-supportarar venta å få svar frå Billettservice i dag, men dei må nok venta nokre dagar til.

2.500 billettar til cupfinalen 6. november blir lagt ut på den opne marknaden. Det er Billettservice som skal fordela desse billettane, og dei har fått inn bestillingar på heile 224.000 billettar .

Måndag blei det meldt at det i dag skulle vera klart kven som er så heldig at dei får billett, og titusenar av bergensarar og ålesundarar venta i dag på e-post med svar frå Billettservice. Men det er framleis ikkje avklart kven som får billett.

– Er eit puslespel

– Det er noko me registrerer i billettsystemet no, og me vil senda ut e-post i morgon eller på fredag, seier Odd Terje Lyngen, leiar for arrangement og support i Billettservice.

Ifølgje Lyngen går avtalen med NFF ut på at dette skal vera klart i løpet av denne veka, og ikkje nødvendigvis i dag.

– Det tar uansett tid. Det er eit puslespel å få tildelt alle plassane til dei som skal ha dei, seier han.

Håpar å ha det klart fredag

Årsaka til at det tar tid er at det varierer kor mange billettar ulike personar har bestilt, og dei har ikkje ”heile felt” dei kan plassera folk i, dei må plasserast rundt omkring.

Dei må også ta omsyn til at det er snakk om tre grupper; nøytrale, Brann-supportarar og Ålesunds-supportarar.

– I løpet av fredag skal me i alle fall vera ferdige, det trur eg. Dei må nok venta litt til ja, men i løpet av veka er avtalen, og det skal me halda, seier Odd Terje Lyngen.