Hopp til innhold

Mange stengde vegar i Hordaland

Vegane til og frå Odda på begge sider av Sørfjorden har vore stengte på grunn av ras og rasfare. Sjekk kor det er stengd i Hordaland her.

Kø Gudvangentunnelen

Lang kø utanfor Gudvangentunnelen tysdag.

Foto: NRK-tipsar

Fylket er prega av mange stengde vegar 2. og 3. juledag, etter uvêr og ras.

I Hardanger har mange blitt evakuerte i dramatiske redningsoperasjonar måndag kveld og natt.

Politiet har oppmoda folk om å halde seg heime om dei ikkje har heilt naudsynte ærend ute.

Desse vegane er stengde

Tysdag ettermiddag er situasjonen slik for vegane i Hordaland:

  • E16 Trengereid - Voss ved Bulken er open, men med redusert kapasitet grunna oppryddingsarbeid.
  • På E16 mellom Aurland og Gudvangen har det vore jordras.
  • Rv 13 Odda - Kinsarvik ved Skjelvik og ved Lofthus, stengt på grunn av jordras.
  • Rv 13 Brimnes - Ullensvang ved Ringøy er det redusert framkomst grunna oppryddningarbeid.
  • Fv 7 Frøland - Liarostunnelen er stengt grunna steinras.
  • Fv 309 Tvinne - Nordheim, stengt grunna oversvømming.
  • Fv 313 mellom Nesheim og Evanger, var lenge stengt mellom Nesheim og Gullbrå. Vegen er no opna igjen.
  • Fv 550 Utne - Odda ved Eikhamrane stengt grunna oversvømming og ved Måge grunna steinras.
  • Fv 572 Bruravik - Ulvik er stengt, med fare for ras.
  • Rv 13 mellom Kinsarvik og Brimnes er har vore stengt ved Berget etter eit ras i 10.30-tida tysdag. Det no redusert framkomst på staden.
  • Fv 309 mellom Tvinne og Skulestad er stengt ved Vetlestølen, grunna oppryddingsarbeid.

Stengde fjellovergangar

Alle fjelloverganene er stengde, med unntak av Haukelifjellet og Filefjell.

Her er det kolonnekjøring.

– Ikkje reis med toget i dag

Bergensbanen er stengd mellom Arna og Voss. NSB ber dei som kan om å la vere å reise med toget i dag.

– Folk som ikkje absolutt må reise med toget i dag anbefalar me å vente. Det er framleis stengd mellom Arna og Voss, og me reknar med forseinkingar på opp mot to timar når passasjerane må fraktast med buss istaden for tog, seier Erik Lødding i NSB .

Det er framleis usikkert kor lenge det vil vere stengd.

– Me vil halde stengd så lenge jernbaneverket må jobbe med strekninga.

Ras på Bergensbanen 26.12.11

Tre og massar ligg over togsporet, medan grunnen under skinnene delvis er vaska vekk.

Foto: Arnstein Karlsen

Alle ferjer i rute

Alle ferjer i Hordaland er i rute, ifylgje Tide Sjø. Men flaggruten, som går mellom Bergen og Stavanger, kan ikkje gå over Sletta i dag. Passasjerane må difor ta buss mellom Leirvik og Haugesund.