Hopp til innhold

Vogntog fanga i rasområde

To lastebilar hamna midt mellom rasa i Hardanger og måtte søke tilflukt. Sjå bilete og video frå rasa her.

Det siste døgnet har det gått ei rekkje ras i Hardanger. Fleire vegar er sperra og trafikken til og frå Hordaland og Bergen er hardt råka av naturkreftene.

Ferjekø kom inn i rasområde

På fylkesveg 550 i Hardanger vart fleire lastebilar fanga av to ulike ras. Sjåførane søkte tilflukt under eit rasoverbygg i natt og står der framleis.

Lensmann i Hardanger, Øyvind Rosseland, fortel at en lang rekkje bilar frå ein ferjekø kom midt inn i rasområdet.

– Cirka 18.30 i går kveld var ein ferjekø på ein frå Utne mot Odda. Dei møtte eit ras på ein plass som heiter Eikhamrane, 15-16 kilometer frå Odda, seier Rosseland.

Det var fleire tyngre køyretøy og mange personbilar i bilkøen, og alle snudde og returnerte same vegen som dei kom. På vegen tilbake mista vogntoga kontakten med personbilane.

– Skal få sjå folk snart

– Då desse vogntoga kom tilbake mot Utne, møtte dei eit nytt ras og dei kom ingen veg, seier Rosseland.

Video 7bcc0910-a315-4f5c-b48e-881ee11ed7cb.jpg

Sjå video frå rasområdet.

Helikopter har vore i området og raset er i ferd med å bli rydda like etter klokka 15.00.

– Trailerane skal få kome ut når vi meiner at det er trygt. Vi skal sjå få dei ut så dei kan kome til meir siviliserte strøk, sjå folk og få i seg mat, seier Rosseland.

Frykta bilar var gått i raset

Det var ikkje spor etter personbilane, noko som fekk yrkessjåførane til å kontakta politiet. Frykta var at nokre av dei mindre bilane hadde hamna midt i raset.

– Det var ein uavklart situasjon lenge, men ingen har blitt meldt sakna og vi har vore på staden med Vegvesenet. I tillegg har det vore båt på sjøen og søkt, men ingenting tyder på at det var bilar i raset, seier Rosseland.

Dei to vogntoga fann seg den sikraste plassen på strekninga, og sto parkert der i heile natt. Klokka 15.00 sto dei framleis innesperra.

Statens vegvesen opplyser at vegen framleis er stengt, men at dei jobbar med opprydding på eine sida.