Hopp til innhold

Vil ikkje vurdera Behring Breivik

Psykiatri-ekspert Jon Geir Høyersten har takka nei til å vurdera terrorsikta Anders Behring Breivik.

Jon Geir Høyersten

Jon Geir Høyersten jobbar som psykiatar og forskar ved kompetansesenter for tryggings- og rettspsykiatri.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Oslo tingrett skal i morgon avgjera om dei vil at nye sakkundige skal laga ein ny rettspsykiatrisk rapport om den terrorsikta. Tre spesialistar skal vera aktuelle som sakkundige , og dette skal vera Jon Geir Høyersten, Agnar Aspaas og Terje Tørrissen.

Jon Geir Høyersten har allereie takka nei til oppdraget.

Høyersten jobbar som psykiatar og forskar ved kompetansesenter for tryggings- og rettspsykiatri ved Sandviken sjukehus i Bergen.

Rådgjevar Britt Blåsternes ved kompetansesenteret stadfestar til Ba.no at Høyersten torsdag blei spurt om å vera sakkyndig, men at han ikkje har tatt i mot oppdraget.

– Det er primært av kapasitetsårsaker, men det er jo eit spesielt oppdrag, forklarer rådgjevaren til Ba.no.

Jon Geir Høyersten var sakkundig rettspsykiatar i saka om Parkeringshusdrapet i Bergen. I denne saka blei Trond Ramsland dømd til 20 års fengsel for drapet på eks-kona si i eit parkeringshus.

LES OGSÅ: