Hopp til innhold

Kan bli politimeldt for å filma i dusjen

Reglementet for dei vidaregåande skulane kan bli strengare. Fylkeskommunen vil stramma inn reglane for fotografering og filming.

Dusj

Fleire ungdommar har klede på seg medan dei dusjar, eller lar vera å dusja, fordi dei er redde for å bli filma eller tatt bilete av. Fylkesrådmannen ønskjer eit strengare regelverk.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Fotografering og filming ved klesskifte og dusjing er eit problem ved fleire skular. Ved hjelp av mobiltelefon tar elevar bilete av medelevar som dusjar og spreier bileta på internett.

No vil fylkesrådmannen i Hordaland ha strengare reglar i den vidaregåande skulen, slik at elevar kan bli meldte til politiet viss dei filmar medelevar.

– Det har nok vore enkelte uheldige episodar og når spørsmålet kjem opp så er det klart at me vil prøva å hindre dette, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen til NRK.

Eit problem også i grunnskulen

Regelverket seier allereie at ein ikkje skal spreia lyd- eller bileteopptak av andre elevar, men no kan det komma på plass eit klart forbod. Elevar som bryt forbodet skal politimeldast.

– Det er ein uskikk at nokon tar bilete i dusj og liknande og ikkje minst å legga det ut på nettet. Våre elevar er til dels vaksne og ansvarlege for handlingane sine, seier fylkesrådmannen.

Digital mobbing og fotografering og filming i dusjen er eit problem også i grunnskulen. Særleg på ungdomsskulen er elevar redde for å bli tatt bilete av.

– Det er berre eit tastetrykk, så er biletet publisert på Facebook og hundrevis av folk kan sjå det, seier Sindre Haveland, elev i 10. klasse ved Storetveit skole.

Skiljeveggar vil gi privatliv og tryggleikskjensle

Brage Engebretsen

Brage Engebretsen og Ungdommens bystyre ønskjer dialog med skulebyråden om avluker i dusjanlegg.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Ungdommens bystyre i Bergen har tatt tak i problemet.

– Me krev at Bergen kommune skal legga til rette i alle dusjanlegg slik at det å ha avluker åtskilt frå andre er den beste løysinga. Då kan ein få privatliv og alle kan føla seg trygge og sikre når dei dusjar, seier Brage Engebretsen, medlem i Ungdommens bystyre.

– Eg trur det er viktig at ungdommens bystyre sett fokus på dette, seier skulebyråd Harald Victor Hove om initiativet.

Viktig med fokus på mobbing

For å kjempa mot digital mobbing meiner skuleråden skulen sitt arbeid mot mobbing er den viktigaste innsatsen.

– Heller det enn skiljeveggar, men i kvart enkelt tilfelle må me gjera ei vurdering på om skiljeveggar også kan vera med på å lette problematikken, seier Harald Victor Hove.

Brage Engebretsen og resten av Ungdommen bystyre ønskjer ein god dialog med skulebyråden, og dei har tru på at det er mogleg å få til skiljeveggar.