Hopp til innhold

Nye søk etter sakna tobarnsmor

Politiet skal i gang med nye søk for å finna ut kva som skjedde med tobarnsmora Dung Tran Larsen frå Bergen. Etter nesten fem år håpar politiet framleis at dei skal løysa forsvinningsgåta.

Video Politiet skal starta nye søk etter Dung Tran Larsen

SJÅ VIDEO: Politiet skal starta nye søk etter Dung Tran Larsen

Tore Salvesen

HÅPAR PÅ LØYSING: Tore Salvesen seier han tenkjer på forsvinningssaka kvar einaste dag.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

– Eg tenkjer på saka kvar einaste dag. Det går inn på meg som menneske at vi ikkje har lukkast med å finna Dung Tran Larsen, seier Tore Salvesen, stasjonssjef ved Bergen Vest politistasjon, til NRK.no.

Nesten fem år har gått

Salvesen har jobba med saka sidan tobarnsmora forsvann frå heimen sin i Krabbedalen ved Olsvik i 2007.

Leter etter Dung Tran Larsen i Rådalen.

50 SØK: Politiet har leita svært mange plassar, blant anna ved søppelanlegget i Rådalen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Ektemannen til Dung Tran Larsen og tre andre i den nære familien hans blei pågripne og sikta for drap i august same året som ho forsvann.

Men to år etter bestemte riksadvokaten at saka skulle leggast bort, etter det som kallast «bevisets stilling».

Dette inneber at dei fire ikkje lenger er sikta i saka.

Same dagen som saka blei lagt bort sa førstestatsadvokat Walter Wangberg til NRK at dei framleis hadde ein sterk mistanke om at det har skjedd noko kriminelt .

Nye søk til våren

Utallige tips er sjekka ut og over 50 søk er gjennomført i den svært omfattande etterforskinga.

Likhund søker etter Dung Tran Larsen

SØK MED LIKHUND: Politiet har prøvd nesten alt, også søk med likhunder.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Sjølv om det snart har gått fem år sidan forsvinninga, kjem folk fortsatt til politiet med opplysningar.

Seinast før jul fekk politiet inn eit interessant tips. Det var ifølgje Salvesen ein person som gjorde interessante observasjonar, men som av forskjellige grunnar ikkje har kome fram med desse opplysningane før no.

– Vi har eit par stader vi skal undersøkja i løpet av våren. Men vi vil venta til telen er vekke frå jorda og forholda elles ligg til rette for det, seier Salvesen.

Ventar på den siste biten

Han forsikrar at motivasjonen for å løysa forsvinningsgåta framleis er heilt på topp.

– Vi har ikkje gitt opp håpet om å løysa saka. Før eller sidan vil vi få den siste biten på plass. Eg har enno ikkje tenkt tanken på at saka aldri blir løyst, seier Salvesen.