Hopp til innhold

– Lett å rekruttera svake sjeler

Det er lett for høgreekstreme organisasjonar å verva nye medlemmer, seier tidlegare Vigrid-leiar.

Flygeblader

LETT Å REKRUTTERA: Ein tidlegare Vigrid-leiar seier til NRK at det er lett å rekruttera svake sjeler til høgreekstreme organisasjonar.

Lars Storrøsæter

SNUDDE HEILT OM: Lars Storrøsæter har bytta side og blitt antirasist.

Foto: NRK

Lars Storrøsæter veit kva han snakkar om. Han er tidlegare fylkesleiar i den høgre-ekstreme organisasjonen Vigrid, der han sjølv var med på å rekruttera nye medlemmer.

No jobbar han aktivt mot rasisme.

Svake sjeler

– Vi jobba på akkurat same måten. Det er snakk om å gå på svake sjeler. Det er dessverre veldig enkelt, seier Storrøsæter.

NRK fortalde i går at ei nasjonalsosialistisk rørsle har spreidd flygeblad med propaganda i postkassar i Olsvik-området i Bergen .

Dei tek til orde for å nedkjempa det dei kallar "masseinnvandringa som trugar landet vårt".

Organisasjonen skal ifølgje nettsidene deira også vera aktiv i Trondheim og Kristiansand.

Høgreekstreme flygeblad i postkassen

FLYGEBLAD: Fleire hundre flygeblad blei delt ut, blant anna i desse postkassane.

Foto: NRK

– Ta aktivt avstand

Propagandaen i Olsvik har skremt naboane. Storrøsæter ber folk om aktivt å ta avstand.

– Folk bør følgja med. Viss nokon får slike ting i posten bør dei ta kontakt med politiet og PST, seier Storrøsæter.

Han meiner heile lokalsamfunnnet bør engasjera seg.

– Snakk med barna om dette. Det er veldig viktig, seier Storrøsten.

Var mobbeoffer

Lars Storrøsæter har tidlegare fortald til NRK at han blei mobba som barn.

Som ung og sårbar tenåring blei han rekruttert inn i den norrøne nasjonalistorganisasjonen Vigrid.

Han fortalde at Vigrid-leiar Tore Tvedt ga løfte om kameratskap og eit tilbod om å vera del av eit fellesskap.

Les meir om korleis Storrøsæter skifta standpunkt:

Video fe27d374-4e7f-4652-9c79-4ede664a3a54.jpg

SJÅ VIDEO: Høgreekstreme vervar folk i Bergen.