Hopp til innhold

Kan bli aktuelt å legga ned raffineriet på Mongstad

Har tapt 9,2 milliardar kroner på raffineriet sidan 2009.

Mongstad
Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX

Rögnvaldur Hannesson

Professor i Samfunnsøkonomi, Rögnvaldur Hannesson.

Foto: NHH

- Alle anlegg me driv må vera lønsame på sikt. Ingen er freda.

Slik framstiller pressetalsmann Morten Eek i Statoil situasjonen på Mongstad i dag. Dei har ingen konkrete planar om å legga ned drifta, men dersom dei ikkje klarar å snu situasjonen, må det også vurderast, seier han.

-Statoil driv ikkje velgjerdsarbeid

Sidan finanskrisa i 2009 har raffineriet måtte føra svært raude tal i regnskapsboka. Frå eit overskot mellom 2004 - 2008 på nær 10 milliardar kroner, har dei nå gått 9,2 milliardar kroner i underskot sidan 2009.

Professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøgsskule, Rögnvaldur Hanneson, støttar Statoil i sine resonnement. Viss raffineriet held fram med å gå med underskot, må det før eller sidan leggast ned, seier han.

- Statoil driv ikkje med velgjerdsarbeid. Det er ingen vits i å halda fram med raffineridrift i Norge dersom me får meir att for å selja olja til raffineri i utlandet, seier han.

Har kutta 200 årsverk

Sidan 2009 har Statoil kutta drifta si med 200 årsverk. Per i dag er det omtrent 800 årsverk att ved raffineriet. Professor Hanneson meiner ei privat verksemd ikkje kan halda liv i desse arbeidsplassane ved hjelp av statlege subsidiar.

- 800 årsverk er ikkje mykje sett i ein større samanheng, og det vil ikkje vera nokon vits i å oppretthalda desse med statlege subsidiar, seier professoren til NRK Hordaland.

Kan bli naudsynt å redusera fleire årsverk

Morten Eek seier dei ikkje har planar om å sparka nokon av sine tilsette slik situasjonen er i dag, men at dei kan måtte vurdera det på sikt.

- 30 av våre eigne tilsette har hatt naturlege avgangar og ikkje blitt erstatta. Resten har me kutta hjå underleverandørar, seier Eek.

- Målet er å driva lønsamt og fortsetta med raffineriet på Mongstad, seier Eek til NRK Hordaland.

- Blir råka av særnorske skattar

Morten Eek, Statoil

Pressetalsmann Morten Eek i Statoil.

Foto: Statoil

Høg oljepris utan tilsvarande prisstigning på dei ferdige produkta frå raffineriet, er hovudårsaka til dei dårlege resultata på Mongstad.

I følge Teknisk Ukeblad har har Statoil i ein epost nå bede nærings- og handelsminister Trond Giske om eit krisemøte.

Mediekontakten til Statoil meiner dei blir råka av det han kallar særnorske skattar på Mongstad. Svenske raffineri slepp til dømes unna El-sertifisering, som er ei ekstra strømavgift. I tillegg må raffineriet betala dobbel CO2-avgift. Ei på interne gasstraumar (ved bruk av gass på raffineriet) og ei på utslepp etter at gassen er brent.

- Me ber ikkje om spesialbehandling av styresmaktene, men opptatt av å få dei same konkurransevilkåra som elles i Europa, seier Eek.