Hopp til innhold

Ingen hotell- og restaurantstreik

Partane kom fram til ei løysing åtte timar på overtid.

Video Kan verte storstreik

– Meklinga har gått veldig bra. Me har kome fram til ei ordning som gjer at det ikkje vert konflikt.

Det fortel meklar Nils Dalseide til NRK klokka 08.10 torsdag morgon.

2348 tilsette i hotell- og restaurantnæringa stod i fare for å bli tatt ut i streik.

Meklingsfristen mellom Fellesforbundet og NHO reiseliv gjekk ut ved midnatt onsdag, og det var stor spenning før partane kom fram til ei løysing åtte timar på overtid.

.

– Litt i dyraste laget

Forhandlingsleiar for NHO Reiseliv Jostein Hansen seier at det vart eit dyrt oppgjer.

– Ja, det vart litt i dyraste laget. Me har gått med på å auka satsane med mellom fire og ti kroner, og då har me valt å prioritera fagbrev og ansiennitet, fortel Jostein Hansen til NRK.

Fellesforbundet er heller ikkje sikre på kva dei tykkjer om utfallet.

– Me er glade for at me slepp konflikt, men delegasjonen vår var likevel ikkje heilt einige om kor nøgd me er med resultatet. Nokre grupper har fått solide lønstillegg, medan me helst skulle ha sett at andre grupper hadde fått meir, fortel forhandlingsleiar Klas Delp i Fellesforbundet til NRK.

Ingen stengte hotell

Hotelldirektør Asle Prestegård

Hotelldirektør Asle Prestegård, Scandic Hotel Bergen City

Foto: Scandic Bergen City

Scandic Hotel Bergen City var eit av mange hotell som ville verta råka dersom det vart streik. Hotelldirektør Asle Prestegård er letta over at dei slepp å stenga hotellet.

– Dette trur eg letta stemninga for mange. Mange gjestar hadde samla seg i lobbyen i tilfelle dei måtte sjekka ut og finna ein annan stad å bu, men no kan dei ta med seg koffertane tilbake på rommet. Så me er veldig glade, seier Prestegård.

Tillitsvald Helena Halkidis er letta.

– Eg har ikkje fått sett på detaljane ennå, men det ser ut som eit godt lønsoppgjer, så lenge det er til alles felles beste, seier ho.

.

Nils Dalseide

Riksmeklar Nils Dalseide held fram meklinga på overtid.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Auka løn

I fyrste omgang var det arbeidstakarar i Hordaland, Rogaland, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag som kunne blitt tatt ut. Over 200 hotell, restaurantar og kantiner ville verta råka av ein eventuell streik.

For Fellesforbundet var hovudkravet er ei auking av minstelønna i næringa.

Flest i Hordaland

Hordaland er det fylket som ville ha blitt hardast råka av ein streik, her kunne 595 personar i over 90 bedrifter blitt tatt ut.

I Rogaland stod 322 personar i 24 bedrifter på streikelista og i Nord- og Sør Trøndelag var det 506 personar i til saman 41 bedrifter.