Hopp til innhold

– Studentane blir handlingslamma

Studentane går i opprør mot Kristin Halvorsen. Dei kjenner seg vingeklippa av kunnskapsministeren.

Forelesning

Studentar føler no at dei mistar råderetten i studentsamskipnadane.

Foto: colourbox.com

Kunnskapsministeren har vedtatt eit lovforslag der studentsamskipnaden sine lokale styrer må ha minst 2/3 fleirtal for å kunne fatte vedtak i viktige saker.

– Faren ved dette er at ein ikkje vil klare å vedta noko som helst, styret kan bli heilt handlingslamma, seier Audun Kjørstad, leiar i velferdstinget i Bergen.

Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen i SV.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

Studentane sine velferdssting har starta opprop mot det dei kallar eit«udemokratisk lovforslag».

Fleire studentpolitikarar seier i dag at dei føler seg umyndiggjort.

- Vi blir umyndiggjort av kunnskapsministeren.

Fjernar studentstyringa

Per i dag krevs det berre fleirtal i styret for å få gjennom eit vedtak. I Bergen er styret i samskipnaden organisert slik at studentane har fleirtal.

Av ti styremedlem er fem studentar, deriblant styreleiaren. Dersom styret er delt, får styreleiaren dobbelt stemme. I praksis har difor studentane seks av elleve stemmer.

– Det eg fryktar med 2/3-regelen er at studentane kan ønske noko veldig sterkt, men eit mindretal i styret kan blokkere eit vedtak. Ordninga vi har idag fungerer svært godt, så eg skjønar ikkje kvifor Halvorsen vil endre det, seier Kjørstad.

Har kome studentane i møte

Kravet om 2/3 fleirtal skal gjelde beslutningar om låneopptak, investeringar i nye studentbustader, oppstart av verksemd med eit kommersielt formål, eller større endringar i studentsamskipnadens interne organisering.

– Dette gjer vi for å sikre at store avgjersler som har konsekvensar for studentanes langsiktige velferd skal ha solid forankring i heile styret, sier Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

Ho påpeika at regjeringa har valde å legge vekk fleire av dei opprinnelege forslaga til endringar etter høyringsrundene.

– Vi har lagt vekk forslaget om at Kunnskapsdepartementet skal kunne avsettje styret i særlege tilfeller. Vi har og kome studentane i møte ved å avgrense kva saker som krev 2/3 fleirtal, seier ministeren.

Lesesal
Foto: Erland Knutsen / NRK

Mistillit

– Dette kjennest som mistillit. Halvorsen seier at ho har kome studentane «i møte», men våre høyringssvar har ikkje blitt høyrt. Små endringar er gjort, men ikkje på dei viktige prinsipielle sakene, seier Kjørstad.

For to år sidan viste det seg at studentsamskipnaden i Narvik rota vekk 33 millionar kroner med dårlege investeringar. Dersom det er bakgrunnen for endringa, meiner Kjørstad at Halvorsen har misforstått.

Studentsamskipnaden i Narvik mister ansvaret

– Misforstått

– Det verkar som at tilfellet der ein samskipnad har tatt dårlege val, fører til at ein fjernar studentfleirtalet over heile landet. Men, ser ein nærare på saka i Narvik, så ser ein at studentane ikkje var aleine om å køyre økonomien i grøfta. Det var ein felles innsats frå heile styret, hevdar Kjørstad.

Dermed kunne ikkje denne lovendringa avverga dei dårlege investeringane i Narvik heller.