Hopp til innhold

Internasjonal pris til «Hurtigruten - minutt for minutt»

«Hurtigruten – minutt for minutt er prisbeløna for å vere den meste originale TV-produksjonen i 2011. – Det er utruleg bra at den internasjonale fjernsynsbransjen forstår kva vi driv med, seier programsjef i NRK, Rune Møklebust.

Hurtigruten - minutt for minutt
Foto: Junge, Heiko / Scanpix

«Hurtigruten – minutt for minutt» stakk av med prisen for mest originale tv-produksjon under Prix Circom i dag.

– Det er den perfekte kategorien for «Hurtigruten – minutt for minutt». Det er ikkje noko vanleg fjernsynsprogram. Eg brukar ein del tid på å forklare konseptet til folk som ikkje kjenner til det for å seie det slik, seier Møklebust.

I konkurranse med heile Europa

Rune Møklebust

FEKK PRIS: Programsjef i NRK Rune Møklebust meiner kategorien «Mest originale program» er perfekt for «Hurtigruten – minutt for minutt»

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Programsjefen meiner prisen heng høgt fordi «Hurtigruten – minutt for minutt» ikkje lenger berre er ei "norsk greie".

– Prisen viser at programmet også har noko å gjere i ein konkurranse med program frå heile Europa, seier Møklebust.

Prisutdelinga er ein bransjepris for europeisk regionalfjernsyn. Det er The European Association of Regional Television som står bak.

Møklebust trur ikkje dommarane har sett heile sendinga på 134 timar.

– Vi har rekna litt på det. Om juryen skulle sett alt innanfor vanleg arbeidstid, altså 7,5 timar for dag, måtte dei brukt fire veker. Så vi sendte dei ein 90 minutts smakebit i staden, ler Møklebust.«»

(Artikkelen held fram under bilete)

Hurtigruten minutt for minutt

NOMINERT: «Hurtigruten – minutt for minutt» er også nominert til tre Gullrute-prisar og Gullrosa i Luzern i Sveits.

Foto: NRK

Kan stikke av med tre Gullruter

«Hurtigruten – minutt for minutt» er også nominert til fleire høgthengjande prisar.

Neste veke kan «Hurtigruten – minutt for minutt» stikke av med både den prestisjefulle Gullrosa i Luzern i Sveits og tre Gullrute-prisar.

Programmet er nominert i kategoriane «Beste event», «Årets nyskaping» og «Årets TV-augeblikk».

– Når vi sat å planla «Hurtigruten – minutt for minutt» hadde vi ikkje peiling. At NRK2 skulle bli Norges største kanal dei fem dagane programmet gjekk, større enn dei andre fire store til saman, er ubegripeleg, seier Møklebust.

Meir «minutt-for-minutt»

Framover kan norske tv-sjåarar vente seg endå fleire «minutt-for-minutt» konsept.

– Vi skal filme opp Telemarkskanalen i august, og så arbeider vi med å følgje Nordlandsbana i fire årstider, fortel Møklebust.

Ved starten på laksefisket blir det også ei 12 timars sending frå Gaular i Trøndelag.

– «Minutt-for-minutt» er nesten blitt ein ny sjanger, seier Møklebust.