Hopp til innhold

Øygarden i sjokk

– Tapet av Alexander Dale Oen vil prega lokalsamfunnet i lang, lang tid framover, trur ordførar i Øygarden kommune, Otto Harkestad.

Video Hakkestad

KLIKK FOR VIDEO: Ordførar i Øygarden, Otto Harkestad, fortel at lokalsamfunnet er i sjokk etter nyheita om Dale Oen.

Tysdag kom meldinga om at den kjende symjaren Alexander Dale Oen (26) frå Øygarden i Hordaland var død.

Ordførar i heimkommunen hans, Otto Harkestad, fortel at han fekk ei dårleg kjensle då han køyrde forbi huset i dag tidleg.

– Eg såg at det var mange bilar utanfor, og flagget var heist på halv stong. Eg kjenner jo alle i huset og veit at det berre er yngre folk. Ingen av dei skal døy, seier Harkestad.

– Ein av våre

Harkestad fortel at kommunen har støtta han gjennom mange år.

– Alexander har vore så dominerande i idrettsgreina si. Me er i sjokk. Det er jo eit lite samfunn, der alle kjenner alle. Alexander er ein av våre, så dette er ikkje til å forstå, seier Harkestad.

– Ufatteleg stor sorg

Olav Martin Vik var ordførar i Øygarden frå 2000 til 2011 og kjende Dale Oen personleg.

– Det er heilt ufatteleg at Alexander er død. Eg har jo fylgt han gjennom mange, mange år i Øygarden, heilt frå han var ein liten gut og til i dag. Me har sett fram til OL i London. Han har markert Øygarden og sett oss på kartet, seier Vik, som er sikker på at heile Øygarden vil sakna 26-åringen.

Aleksander Dale Oen

Alexander Dale Oen vert løfta på gullstol av dåverande ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik, etter symje-EM i Eindhoven i 2008.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / VG