Hopp til innhold

Basehoppar midt i Bergen

Når andre søv, er desse folka høgt og lågt i Bergen sentrum.

På byggeplassen på Nygårdstangen, kastar dei seg utføre ein krane som etter det NRK kjenner til er over 70 meter høg.

Hoppar over heile byen

Og det er berre éin av plassane dei høgdeglade har vore i byen mellom dei sju fjell.

Både Rundemannen og Laksevåg har blitt til hopp.

Politiet har lite å seie om det heile.

– Dei er no motige òg. Det er bra at det har gått bra, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Terje Hilland.

Kanskje ulovleg

Han er usikker på om hopparane har gjort noko ulovleg.

– Det kan hende det ikkje er lov, eg veit ærleg tala ikkje, seier han.

Han ville uansett ha sjekka om eigaren av krana hadde godkjent hoppinga.

– Eg reknar ikkje med dei har spurt om lov, så me ville vel ha sjekka litt opp. Men så har dei jo ikkje blitt tekne, seier han.

Men om han hadde kome over dei i toppen av kranen, ville han ha bede dei komme ned.

– Men det er vel helst det dei vil, ler han etterpå.

– Strev å komme opp

Ein av dei som til dagleg jobbar på Nygårdstangen fortel at dei har gjort sikringstiltak for at det ikkje skal vere mogleg å klatre opp i kranane.

– Dei må nok ha streva ein del for å komme seg opp, for det er låste luker og kranane er kledde på utsida for å unngå at folk kjem seg opp, seier han.

Videoen er lagt ut på YouTube, men det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med hopparane.