Lett tilgang på boss fører til fleire floger, fuglar og rotter. Dei ber på sjukdommar som til dømes salmonella og harepest.
– Det er heilt klart at dette er næringskjelde for dyr som kan spreia smitte, seier smittevernoverlege Øystein Søbstad i Bergen til NRK.no.
Les og sjå grafikk:
Streik stoppar forbrenningsanlegg
Bosset i Bergen og åtte omlandskommunar blir ikkje samla inn fordi forbrenningsanlegget i Rådalen er stengt på grunn av streik.
Helsevernetaten overvakar situasjonen dagleg, og trur søppelkøyrarane snart er på jobb igjen viss smitten skal haldast under kontroll.
– Viss temperaturen aukar vil situasjonen akselerera voldsomt, seier Søbstad.
– Fryktar rotteplage
Mange bergensarar fryktar store rotteplager på grunn av alt bosset som flyt i gatene.
– Det er verkeleg ekkelt, seier ei bergenskvinne.
Overalt i byen er det bosspann som er så fulle at ein ikkje får igjen loket. Ved sida av ligg sekker og plastposar stappfulle med avfall.
Ifølgje renovasjonsselskapet vil situasjonen bli verre og verre for kvar dag som går.
– Det er no framover ein vil merka problem med bosset, seier kommunikasjonssjef Mette Nygård Havre i renovasjonsselskapet BIR.
Les og:
BIR har følgjande råd så lenge streiken held fram:
- Kjeldesorter mest mogleg, slik at det blir minst mogleg restavfall
- Ikkje fyll opp bosspanna med avfall som kan venta
- Komprimer bosset godt, og knyt posane godt saman
- Sett bosspannet i skuggen
- Dersom streiken blir langvarig og bosspannet er fullt, kan hushaldningane samla avfallet i ein vanleg bossekk. Den vil bli henta saman med bosset på vanleg tømmedag når streiken er avblåst.
- Eit tips er å frysa ned matavfall som kan gje frå seg sterk lukt, for å redusera luktplager frå bosset (til dømes fiskeslo og rekeskal)
- Oppbevar avfallet heime. Ikkje sett ut posar ved sidan av bosspann som er fulle, sjølv om dei er knytte godt saman.