Hopp til innhold

Avsluttar redningsaksjonen på Voss

Ein kajakkpadlar har vore sakna sidan laurdag kveld. Kajakken blei funnen tidleg søndag morgon, men mannen er framleis sakna.

Redningsaksjon på Voss

Raude Krossen deltar søndag i redningsaksjonen på Voss. Det blir blant anna søkt ved Palmafossen, der kajakken til mannen blei funnen søndag morgon.

Foto: Arnstein Karlsen

Ein 20 år gammal engelskmann blei meldt sakna laurdag kveld kl. 18.30. Kameratane hans meldte då frå til politiet om at 20-åringen hadde blitt tatt av straumen i Raundalselva, og blitt ført nedover.

Det blei satt i gang redningsaksjon der både helikopter og dukkarar deltok. Søk etter den 20 år gamle mannen har pågått i heile natt, men han er førebels ikkje funnen.

Fann kajakken ved Palmafossen

– Kajakken hans blei funnen like før klokka sju i dag tidleg. Denne blei funnen ovanfor Palmafossen, ein stad som er relativt langt frå staden der 20-åringen og kameratane hans padla, seier operasjonsleiar Erik Hole i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

LES OGSÅ: Sivilforsvaret inn i søket etter savnet kajakkpadler på Voss

Redningsaksjon på Voss

Søk ved Kløve ved Raundalselva laurdag kveld.

Foto: Arnstein Karlsen

Politiet fryktar at mannen er blitt tatt av straumen i elva.

– Redningsaksjonen held i dag fram med full styrke. Både Raude Krossen, redningshundar og sivilforsvaret deltar i leitinga, seier Hole.

Avsluttar redningsaksjonen

Klokka 13.00 melder politiet at rednings- og leiteaksjonen framleis pågår, og at dei førebels ikkje har funne den sakna mannen.

Familien til den sakna mannen er blitt varsla, og dei blir fortløpande orientert om den pågåande aksjonen.

Rednings- og leiteaksjonen blir avslutta kl. 16 søndag ettermiddag.

– Me har gjort og leita så pass mykje no, utan å finna mannen. Det er difor gjort ei total vurdering om å avslutta reningsaksjonen, seier operasjonsleiar Terje Hilland.

Leitinga går no over til søk etter antatt omkommen.

– Elva er strid og det er ikkje så enkelt å leita i dette området. Ein må vera forsiktig, særleg no når det er høg temperatur og sterk vassføring, seier Hilland.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.