Hopp til innhold

Utvidar søket etter tre sakna

Ingen av dei tre sakna er funnen i Etnefjorden. Politiet held fram søk til søndag ettermiddag.

Redningsaksjon i Etnefjorden

Redningsaksjonen held fram søndag. Nesten 40 frivillige deltar og sju båtar leitar i område rundt Etnefjorden.

Foto: Svein Morten Hagen

Fire menn blei fredag kveld meldt sakna då dei ikkje kom tilbake frå ein båttur på Etnefjorden. Laurdag morgon blei ein mann funnen omkommen . Dei tre andre er framleis sakna.

Seint laurdag kveld blei to jakker funne i leiteområdet.

– Den eine av jakkene er stadfesta å ha tilhøyrt den omkomne som er funnen, opplyser operasjonsleiar Svein Roald Vikse i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

I løpet av natta har rundt 20 personar leita etter mennene. Det er blitt gjort strandsøk med utgangspunkt i området der den omkomne blei funnen.

LES OGSÅ: Har søkt inn og ut fjorden åtte gonger

Avsluttar søk etter overlevande søndag

Søndag morgon held søket etter dei sakna fram. 30-40 frivillige personar, fire redningshundar og sju båtar deltar i leitinga. Skanning av havbotnen vil også halda fram i dag.

Politiet har framleis håp om å finna dei tre sakna i live.

– Det er difor me utvidar søk og held redningsaksjonen gåande. Dei kan ha kome seg opp på ei strand og me prøver enn så lenger, seier operasjonsleiar Norunn Byrknes.

Søndag ettermiddag opplyser politiet at dei i løpet av dagen skal vurdera korleis redningsaksjonen skal halda fram vidare.

– Me må i løpet av dagen vurdera når det er aktuelt å avslutta, kva tid håpet for å finna nokon er ute. Det vil me ta utover dagen, seier Byrknes.

Klokka 14.30 melder politiet at søk etter overlevande vil bli avslutta i løpet av 1-2 timar. Dette vil skje når dagens søkeområde er gjennomgått. Søk på havbotnen i Etnefjorden vil halda fram utover dagen.

Utvidar søket

Osvågen hytteområde i Etne

Den omkomne og dei sakna leigde ei hytte i hytteområdet Osvågen i Etne.

Foto: Svein Morten Hagen

Søndag vil det blir søkt på Bjoalandet, Ølensfjorden, Romsaøyene og ved innløpet til Ølensfjorden og Etnefjorden mot Skånevik.

Den omkomne og dei tre som er sakna kjem alle frå Polen. Saman med fem kameratar leigde dei hytte i Osvågen i Etne.

Hyttefolk i Osvågen er strekt prega av hendinga . Dei fem mennene i følget på ni som blei igjen på land får hjelp av kommunen sitt kriseteam.