Hopp til innhold

Kommune vil skaffa jobb og hus til euro-flyktningar

Euro-flyktingar som søker lukka i Noreg kan bli redninga for fråflyttingskommunar.

Tysnes kommune vil skaffa hus og arbeid til fire spanske familiar.

Finanskrisa har fått mange søreuropearar til å trekka nordover, og det siste året har Noreg fått mange arbeidsinnvandrarar frå søreuropeiske land.

Fleire av arbeidsinnvandrarane har slite med å skaffa seg jobb i Noreg. Spanjolar som har kome til Vestlandet håpar no at Tysnes kommune i Hordaland kan bli redninga.

– Akkurat no ser eg på Tysnes som den einaste moglegheita me har til å starta eit nytt liv, seier Gilermo Marcus til NRK.no.

Han kjem frå Alicante i Spania og er villig til å gjera ulike typar jobbar i Tysnes. I dag helste Marcus på Tysnes-ordførar Kjetil Hestad på Robin Hood huset i Bergen.

Pilotprosjekt med cv-database

Kjetil Hestad og arbeidssøkarar på Robin Hood huset

Tysnes-ordførar Kjetil Hestad diskuterer jobbmoglegheiter med arbeidssøkarar frå Spania.

Foto: NRK

Saman med Tysnes kommune har Robin Hood Huset starta opp eit pilotprosjekt for å prøva å få folk ut i arbeid.

Det er blitt etablert ein cv-database for arbeidssøkande euroflyktingar, og fleire hundre cv-ar er allereie blitt registrerte i databasen. Tysnes-ordførar Kjetil Hestad møtte i dag fleire av dei som har søkt jobb i kommunen hans.

– Eg skulle ønska av heile mitt hjarta at eg kunne tilby alle som er her arbeid, men det er sjølvsagt ikkje mogleg, sa Hestad til dei han helste på.

LES OGSÅ:

Jobbtilbod til fire familiar

Fire familiar som har flykta frå krisa i Spania har fått tilbod om jobb, bustad og språkopplæring i Tysnes kommune.

– Ein familie kjem til Tysnes i august, og målet vårt er at me i løpet av året kan tilby tre familiar til arbeid, seier ordføraren til NRK.no.

Tysnes kommune har særleg behov for eletrikarar, tømrarar og røyrleggarar. Ordføraren trur søreuropearar som er på jobbjakt kan bli redninga for kommunar som slit med fråflytting.

– Me gjer dette fordi me har behov for arbeidskraft i Tysnes, og me har behov for fleire innbyggarar. Me ser at det her er hundrevis av europearar som treng jobb, seier Kjetil Hestad.

Vil dela databasen med andre

Kjetil Hestad

Tysnes-ordførar Kjetil Hestad er klar på at norske kommunar har eit ansvar ovanfor arbeidsinnvandrarar.

Foto: NRK

Tysnes kommune ønskjer å gjer cv-databasen dei har bygd opp tilgjengeleg for andre hordalandskommunar.

Ordføraren meiner Noreg og nordmenn har eit ansvar for å hjelpa dei som prøver å starta eit nytt liv her i landet.

– Det kviler eit stort ansvar på oss alle til å sørgja for at dei som kjem frå Europa og prøver å få seg jobb i Noreg blir møtt og sett. Kommunane må bruka tid på å sjå om det er noko dei kan gjera for å få tilsett nokon av desse, seier Kjetil Hestad.