Hopp til innhold

Krev 150 millionar i erstatning

Tryg forsikring og NSB krev nær 150 millionar kroner i erstatning etter brannen på Hallingskeid.

Kravet kjem etter rapporten frå Statens havarikommisjon som gir Jernbaneverket skulda for brannen 16. juni i fjor.

Eit heilt togsett brann opp då eit ekspresstog med 250 personar kom køyrande inn i eit brennande snøoverbygg ved Hallingskeid stasjon. Ingen personar vart skadd, men dei materialle skadene var omfattande.

Skulda for brannen

Havarikommisjonen kom tidlegare i sommar med krass kritikk mot Jernbaneverket og meiner sveisearbeid på snøoverbygget mest truleg var årsaka til at brannen starta. På bakgrunn av dette krev NSB og Tryg forskring no om erstatning på 130 millionar kroner.

– Rapporten viser at dei ikkje har følgt retningslinjene. Då meiner me ansvaret for at skaden skjedde, ligg hos Jernbaneverket og Norsk Jernbanedrift , seier kommunikasjonsrådgiver Arne Einar Brun i Tryg forsikring.

Norsk Jernbanedrift utførte arbeidet for Jernbaneverket. Dei må på eit seinare tidspunkt vurdera korleis dei skal fordela summen mellom seg.

– Som venta

Jernbaneverket er ikkje overraska over erstatningskravet.

– Me har venta at dette kravet ville koma før sommaren, seier kommunikasjonsdirektør Svein Horrisland.

– No startar me behandlinga av det ved hjelp av juristane våre og eventuelt også regjeringsadvokaten. Så får me sjå kva konklusjonen blir.

– Er det rett av dei å krevja 150 millionar kroner?

– Det skal me ta stilling til under arbeidet med kravet. Det er for tidleg for meg å seie noko om, seier Horrisland.

Sjå video:

Statens havarikommisjon sin rapport om brannen på Hallingskeid er klar. Raporten frå kommisjonen peiker på manglar som går ut over tryggleik.

Kraftig kritikk i kommisjonsrapport om brannen på Hallingskeid