Hopp til innhold

Politiet: – Warloe har tilstått. Advokaten: – Han har ikkje tilstått

Stortingsrepresentant Henning Warloe har tilstått å ha brukt narkotika. Nå sender politiet saka til retten, men Warloes forsvarer meiner politiet har misforstått.

Stortingsrepresentant Henning Warloe (H)

KVA HAR HAN INNRØMMA: Politiet har sendt Henning Warloe sin sak til Bergen tingrett, men advokaten hans mener at politikaren ikkje har innrømma å kjøpe narkotika.

Foto: NRK

– Saka er no sendt over til Bergen Tingrett som ei tilståingssak. Warloe har tilstått både å ha skaffa seg og brukt narkotika, seier politiadvokat Bjørn Pettersen i Romerike politidistrikt.

Dermed er det klart for avgjerd i saka mot den no sjukmelde stortingspolitikaren, ifølgje politiet.

Men høgrepolitikarens advokat meiner det ikkje er så enkelt. Politiet har ikkje den tilståinga dei hevdar å ha – Warloe har ikkje innrømma å kjøpe narkotika, kun å bruke det ved enkelte høve.

Meiner politiet har misforstått

– Dei har opplyst at Warloe har sagt seg villig til å ta ein tilståingsdom, men det er faktisk ikkje riktig, seier Erling O. Lyngtveit.

Han vil ta ein ekstrarunde med politiet for å rydde desse misforståingane av vegen.

– Det Warloe har sagt er at han er villig til å vedta eit forlegg for bruk av narkotika ved nokon høve. Men denne siktinga går også på erverv. Det har han aldri erkjent og det framgår heilt klart av forklaringa han har gitt til politiet. Han er heller ikkje blitt spurt om han vil ta tilståingsdom på denne siktinga.

Fant narko i stortingsleilegheita

I løpet av hausten vil den tidlegare Høgre-politikaren få dommen sin etter narkosaka han vart innblanda i.

Nyhenda om at Henning Warloe vart sikta for oppbevaring av narkotika i stortingsleilegheita si vart dukka opp i mars i vår.

Pågripinga kom som fylgje av ei større narkotikasak som politiet rulla opp på Romerike. I arbeidet med saka kom politiet over eit mindre beslag i Warloe sin bustad i Oslo.

Warloe har heile tida nekta for at han hadde noko med narkotikaen i leilegheita, men innrømte at han hadde brukt narkotika i løpet av tida som stortingspolitikar. No vil han seia det same i tingretten.

– Har ingenting med den større saka å gjere

Saka til Warloe er ei lita sak som kjem på sida av den store narkosaka som framleis er under etterforsking.

– Eg ynskjer å understreke at Warloe har ingenting med den store narkotikasaka som me framleis etterforskar i Romerike og Oslodistriktet å gjera, seier Pettersen.

Warloe, som mellom anna var nestleiar for Hordaland Høgre, trekte seg frå alle politiske verv i mars. Han er for tida sjukemeld frå vervet som stortingsrepresentant for Hordaland.

Framtid på Stortinget?

Erna Solberg har råda Warloe om ikkje å ta gjenval til stortingsvalet i 2013.

Bergensaren sjølv har tidlegare sagt at det er for tidleg å avskriva han som politikar i framtida.