Hopp til innhold

Lege tiltalt for sex med pasient

Ein populær bergenslege skal ha utnytta stillinga si for å få sex med minst ein pasient.

No er legen tiltalt for å ha skaffa seg sex med ein kvinnelege pasient.

Den erfarne fastlegen er tiltalt etter paragraf 193 i straffelova for å ha misbrukt stillinga si som lege for å skaffa seg sex.

Ifølgje tiltalen skal legen ha utnytta tillitsforholdet til ein av pasientane til å ved fleire høve ha hatt samleie med henne.

Legen er ein av dei mest populære fastlegane i Bergen.

Den som skaffer seg eller en annen seksuell omgang ved misbruk av stilling, avhengighetsforhold eller tillitsforhold, straffes med fengsel inntil 6 år.

Straffelovens § 193

Avviser skuldingane

Den tiltalte legen avviser skuldingane mot han, og er veldig forbausa over at han blir tiltalt.

– Det eg er tiltalt for har ikkje skjedd, seier legen til NRK.no.

Han seier det får bli opp til retten å avgjera saka.

Utover dette ønskjer ikkje legen å kommentera tiltalen.